Erfarne: Sp-politikarane Tor Arne Heggtveit og Laila Karlsen Taraldlien har begge lang erfaring i lokalpolitikken. Dei neste fire åra skal Heggtveit leie oppvekstutvalet, medan Karlsen Taraldlien er leiar for helse- og sosialutvalet.

Dei skal leie to av hovudutvala

I kommunestyremøte på tysdag vart det bestemt kven som skal sitje i dei ulike hovudutvala i Tokke.

I Tokke har dei tre hovudutval – oppvekstutvalet (OKI), helse- og sosialutvalet (HSU) og landbruk-, miljø og teknisk utval (LMT).

I vår hadde kommunen ein debatt om dei skulle endre strukturen og eventuelt legge ned eller slå saman nokon av utvala. Men fleirtalet ønskte å behalde strukturen med formannskap og tre hovudutval. På tysdag vedtok dei folkevalde i Tokke kven som skal leie og vere medlem i dei ulike utvala.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tor Arne Heggtveit (Sp) blir leiar av oppvekstutvalet, medan Olav Ståland (Sp) blir nestleiar. Dei andre faste medlemmene er Pernille Margrethe Sørdal (MDG), Liv Kristin Krog (Sp), Gunn Siri Haugan Vindal (Ap), Venke Bakke (SV) og John Utigard (H).

Laila Karlsen Taraldlien (Sp) er leiar for helse- og sosialutvalet, medan partifelle Sverre Bakke er nestleiar. Dei andre faste medlemmene er Ellen Ofte Jakobsen (KrF), Olav Solvang (Sp), Siri Møller-Holst (SV), Eva Berge Lio (Ap) og Erik Skimmeland (Ap).

Frå oppvekst til landbruk: Geir Arild Djuve (Sp) er leiar for landbruk-, miljø og teknisk utval (LMT).

Geir Arild Djuve (Sp) var førre periode leiar for oppvekstutvalet, men blir nå leiar for landbruk-, miljø og teknisk utval. Han får med seg Anne Vadder Midtbø (Sp) som nestleiar, og medlemmene Marta Elisabet Gårdsvoll Karlsen (Sp), Åsmund Stenseth (KrF), Solbjørg Frantzen (Ap), Olav Godtland (Ap) og Sigrid Marit Jonassen Verpe (Ap).