Karl Endre Bjerk og sonen Johnny Kvaale Bjerk utgjer halvparten av BBB-band. – Det er fint å ha ei felles interesse, seier dei.

Dei har berre eit par spelejobbar i året. Éin av dei er i helga. – Det kjem jo folk frå heile verda dit, så å få spela og underhalde der er veldig kult

Når Raulandsakademiet feirar femti år til helga, står far og son på scena saman med resten av BBB-band. Dei lovar ein kveld med blues, rock og country – og ein dose ekte speleglede.

Publisert

Bandet, som såg dagens ljos i 2012 består av Karl Endre Bjerk og sonen Johnny Kvaale Bjerk i tillegg til Hans Tore Hansen og Tormod Kayser frå Bergen. 

Opphaveleg stod B-ane i bandnamnet for Bjåen, Bergen, Bø og Bandak. 

– Me har heitt både BBBB og BBBBB- band. Det kjem litt an på kor mange som er med år for år, fortel dei.

– Me har kutta det ned til tre B-ar, det er litt enklare, seier Karl Endre.

– Men me har hatt med oss mange dyktige folk opp igjennom, legg Johnny til.

No ser dei fram til å underhalde publikum under femtiårsfeiringa til Raulandsakademiet.

– Dette ville me veldig gjerne vere med på. Det er jo litt gjævt, seier Johnny. 

Han meiner Raulandsakademiet er ein viktig institusjon i området. 

– Det kjem jo folk frå heile verda dit, så å få spela og underhalde der er veldig kult.

Hans Tore Hansen (bak t.v.), Karl Endre Bjerk, Tormod Kayser (framme t.v.) og Johnny Kvaale Bjerk utgjer BBB-band.

Mange band

Karl Endre har spela i mange ulike band før BBB-band og tar oss med tilbake til starten.

– Eg har vore interessert i musikk heile livet, seier han.

Interessa starta med gitar og munnspel, og han var svært bluesinteressert.

– På 90-talet var eg med i eit band som heldt konsert på den populære skjærtorsdagsbluesen i Høydalsmo, fortel han. 

Etter kvart vart bandet Bandak Rythm & Blues Band danna, som turnerte litt rundt. Seinare vart det Skinny and the Fat Boys.

– Eg var ikkje den skinny, ler han.

Turnébussen deira vart legendarisk og fekk namnet «Guds fred». 

– Me køyrde land og strand nokre år, men så vart også det bandet oppløyst.

I musikkrommet i låven på Bjåen heng bandplakatane til nokre av banda Karl Endre har vore med i.

Så fann Karl Endre ut at han ville lære seg å spela hardingfele. 

– Eg var mellom anna med i Sullarguten, det lokale spelemannslaget. Der var eg leiar eit par år også, og eg tenkte at eg måtte lære meg å spela fele, seier han.

Det heldt han på med ein del år, før han la fela på hylla.

– Eg gav opp, for eg fekk det rett og slett ikkje til, seier Karl Endre, men medgjev at  han framleis spelar «bitte litt» hardingfele i blant.

Denne lap steel-gitaren har Karl Endre laga sjølv.

Han har laga seg ein eigen lap steel-gitar.

– Den liknar litt på ei fele, så då kunne eg spele på den i staden, smiler han.

Seinare vart Karl Endre med i bandet Hartvik and The Heartbreakers. Eit bluesband med Tore Hartvik Kristensen i spissen, og med Knut Reiersrud på laget.

– Så gjekk det nokre år, og så vart BBB-band danna.

Lærte å spela gitar av far

Johnny vaks opp omgitt av musikk.

– Pappa spela mykje i kjellaren, hugsar eg. Då rista det i heile huset, så då måtte eg ned å høyre på, smiler han.

Det var også av faren Johnny lærte å spela gitar. Då var han i ungdomsskulealder.

– Og no er han dobbelt så god som meg til å spela! Det gjekk fort, legg Karl Endre til og smiler.

Johnny lærte å spela gitar av far sin.

Johnny heldt fram med gitarspeling – også på skulen. Han fortel at han og kameraten Håvard Ofte Jakobsen fekk fritak frå musikktimane for å berre spela gitar.

– Me lærte av kvarandre, og vart ganske gode, seier han.

Dei to starta eit band saman med Ånund Lid Byggland, Øyvind Nordal og Sondre Nygård, som dei kalla The Blind Vision Band.

– Det var det fyrste bandet eg var med i, men det vart oppløyst då me var ferdige i 10. klasse, seier han.

Men Johnny og Sondre fekk med seg Knut Haukelidsæter og Lukas Radziej og heldt konsertar rundt om i Vest-Telemark i nokre år etterpå.

– Me spela rock and roll frå 60- og 70-talet, og det var veldig populært, seier Johnny. 

Då også det bandet vart oppløyst, vart han med å danne BBB-band saman med faren.

Johnny har også gjeve ut tre eigne låtar under artistnamnet Bjerk. Med seg hadde han også Anders Hefre, Jostein Rørmark og Andreas Rødland Haga.

Utfordring, vennskap og glede

Fyrste spelejobben til BBB-band var på brygga på Dalen i 2012, fortel Johnny. Sidan då har bryggekonserten blitt ein årleg tradisjon.

– Me gler oss alltid veldig til den konserten, seier dei.

– Arrangørane er også veldig fornøgde med oss, for dei går tomme for drikke kvart einaste år, ler Karl Endre.

Bandet har berre eit par konsertar i året. Med to medlemmar i Bergen, Johnny i Tønsberg og Karl Endre på Bjåen i Eidsborg, kan det vere utfordrande å samle alle.

– Me har nokre intense øvingar før kvar spelejobb, fortel Karl Endre.

Då møtest dei på Bjåen og øver og har det triveleg saman.

– Og då blir det veldig bra, smiler Karl Endre.

– Me har nokre intense øvingar her i musikkrommet før spelejobbane, fortel Karl Endre.

Korleis vil de beskrive BBB-band med tre ord?

– Utfordring (logistikken med at bandmedlemmene bur spreidd), vennskap og glede.

Skulle de ynskje de kunne ha fleire konsertar i året?

– Eigentleg ikkje, ler dei. 

For BBB-band handlar det mest om å ha det triveleg saman dei gongene dei møtest.

– Du kan trygt seie at dette er ein hobby, understrekar dei.

Er det ein stad de gjerne ville ha spela? Kvar som helst i verda?

– Marquee Club i London, men den er nedlagt, så det går ikkje. Så då må det vel bli Royal Albert Hall, ler Karl Endre. 

– Eigentleg har me det veldig fint dei stadene me spelar, og me har ikkje så store ekspansjonstankar, smiler Johnny.

– Men om dei masar veldig frå Royal Albert Hall, så seier me vel ikkje nei, legg Karl Endre til med glimt i auget.

Far og son delar musikkgleda, og har spela saman i BBB-band sidan 2012. I låven har Karl Endre laga eit musikkrom, der dei samlar seg for å øve før konsertane.

Ærleg og rått

På spørsmål om korleis det er for far og son å spela saman, er dei einige om at det er fint å ha ein felles hobby.

– Det er veldig moro. Eg er heldig som har mykje tid saman med far min, så det set eg veldig pris på, seier Johnny. 

– Det er veldig moro at han har arva musikkgleda, og så er eg glad for at han har kome eit hakk vidare enn meg, smiler Karl Endre.

Ulike typar gitarar heng på rekke og rad i musikkrommet.

Korleis ser framtida ut for BBB-band?

– Så lenge det er moro og så lenge folk kjem og høyrer på oss, så held me fram, seier Johnny.

Han legg til at dei ser eit generasjonsskifte i publikum.

– Men dei synest det er kjempestas dei også.

– Me har publikum frå 18–80 år, og musikken fenger alle, seier Karl Endre.

Han meiner suksessen ligg i at musikken er ekte.

– Me brukar ikkje noko programmering, alt er ærleg og rått. Og om det ikkje blir heilt perfekt, så er det nettopp det som gjer at det let bra, seier han.

Johnny er einig, og legg til at ein får ein spesiell kontakt med publikum.

– Me er veldig nærme publikum, og mange kjenner oss. Me får ein kontakt ein kanskje ikkje får på ei større scene, seier han.

Karl Endre seier det er stor entusiasme blant publikum når dei spelar.

– Det er jo derfor me gjer detta, og det er kjempemoro når folk set så pris på det, seier han. 

Når BBB-band går på scena på Raulandsakademiet laurdag kveld, er målet å skape god stemning og bidra til ei minneverdig jubileumsfeiring.

– Dessutan er Tormod Kayser rå på slåttetromme, så det bør folk få med seg, seier Karl Endre.

Johnny avsluttar med ei oppmoding til publikum:

– Folk må berre koma seg frå vorspielet og til akademiet! 

Powered by Labrador CMS