Snart ferdige med grunnskulen: Tiandeklassingane Olav Brattestå (f.v.), Henning Heimdal, Peter Fosli Stenseth, Mari Gaastjønn (f.v.) og Julie Konstanse Veen Hagen på Tokke skule har bestemt seg for kvar dei skal gå på skule til hausten.

Dei fleste elevane vel skulen som er nærast. – Eg såg på det som var nært så eg slepp å bu på hybel

1. mars er fristen for å søke på vidaregåande utdanning. I Vest-Telemark vel dei aller fleste elevane det tilbodet dei har nærast, nokon følgjer framleis flokken, men fleire vel ulikt nå enn før.

– Eg har vore ganske fast på kva eg skal ei stund, uavhengig av kva andre skal, fortel Henning Heimdal.

Han går i 10. klasse på Tokke skule, og har bestemt seg for å søke elektro og datateknologi på Vest-Telemark vidaregåande. Planen hans er klar – to år på skule, deretter to år i lære, før han siktar seg mot høgare utdanning som ingeniør. Det er fleire faktorar som spelar inn for valet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg såg litt på det som var nært så eg slepp å bu på hybel. Då får eg gratis mat heime, smiler Henning.

– Det er ein del lokale arbeidsplassar, og elektro er ein sikker veg å gå for å få jobb seinare, legg han til.

Klassekameraten Olav Brattestå skal også gå på elektro og datateknologi, men han har ikkje planlagt like langt som Henning.

– Det er enkelt, då slepp eg å bu på hybel. Eg likar praktiske fag, og er sikra jobb, seier han.

Tiandeklassingane på Tokke skule fortel at dei fleste i klassa nå har bestemt seg for kva dei vil til hausten. Men det er ikkje berre enkelt å bestemme seg.

– Det er veldig mange valmoglegheiter, påpeiker Henning.

Mari Gaastjønn hadde ikkje bestemt seg før jol. Det stod mellom studiespesialisering på Vest-Telemark vgs. og idrettslinja med fotball i Bø.

– Eg vil jo helst velje det som er nærast, fortel ho, og var ikkje heilt komfortabel med tanken på å flytte på hybel aleine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men så vart dei to som ville til Bø og som skal bu saman på hybel, og då vart det eit enklare val.

– Eg likar fotball og fysisk aktivitet veldig godt. Eg har også to brør som har gått i Bø, og dei har lika seg veldig godt så eg har høyrt mykje om det, seier Mari.

Færre følger «flokken»

Knut Magne Momrak er karriererettleiar ved Vest-Telemark vgs., og møter i nettverket med rådgjevartenesta i Vest-Telemark, altså alle rådgjevarane ved dei ulike ungdomsskulane.

Momrak fortel at rådgjevarane ser at dei aller fleste elevane vel det tilbodet som er nærast der dei bur. Dei ser også at det er enkelte elevar som framleis følger «flokken», men at dei i større grad nå enn før vel ulikt.

– Dette kan koma av at elevane har faget utdanningsval på skulen. I tillegg reiser elevane på praksiskurs både i niande og tiande klasse. Her kan dei velje kva for linje dei ønsker å besøke på vidaregåande og bli betre kjend med tilboda. Dette i tillegg til yrkesmessa på Vest-Telemark vgs., og dessutan kveldsbesøket på ungdomsskulen, der vidaregåande skular i Telemark kjem rundt å presenterer seg, skriv Momrak i ein e-post til VTB.

Mange valmoglegheiter: 10.-klassingane Olav Brattestå (f.v.), Henning Heimdal, Peter Fosli Stenseth, Julie Konstanse Veen Hagen og Mari Gaastjønn på Tokke skule har mange valmoglegheiter når dei snart er ferdige med grunnskulen. Nokon planlegg fleire år framover, andre tek eitt år, eller ein dag, om gongen.

Olav Brattestå, Henning Heimdal, Peter Fosli Stenseth, Mari Gaastjønn og Julie Konstanse Veen Hagen i 10. klasse på Tokke skule fortel også at dei har fått ein del informasjon om valmoglegheitene dei har gjennom skulen. Dei føler at dei likevel kunne fått endå meir informasjon, og det dei høyrer frå andre elevar, eldre sysken og andre dei kjenner, blir kanskje like viktig for valet dei tek.

Mari som byrjar på idrettslinja i Bø til hausten fortel at ho kanskje hadde valt Dalen om ho hadde høyrt like mykje om Vest-Telemark vidaregåande frå andre elevar som ho har om skulen i Bø.

– Eg har fått større påverknad den retninga fordi eg har høyrt meir om Bø, eg har ikkje høyrt så mykje om korleis det er her på Dalen, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Peter Fosli Stenseth har også dei eldre brørne vore viktige kjelder for skuleval.

– Eg skal gå på Kvitsund, og bu på internatet. Begge brørne mine har gått der så eg har blitt litt kjent med skulen og miljøet der. Om eg skulle valt studiespesialisering her på Vest-Telemark vgs. er eg redd det ville blitt veldig likt ungdomsskulen, seier han.

Han trur elevane vel skule etter kva dei har lyst til å gjere, men også kva dei vil oppleve utanom det faglege.

– Mange vil flytte, og då er det litt meir enn skulen, det er opplevinga, å kome til ein ny stad og i eit nytt miljø.

Les også
Ti millionar til renovering av skulen – scene, amfi og husker i fellesområdet

Bygd og by

– Tradisjonelt står yrkesfag sterkt, men me ser også at studiespesialisering vil ha eit løft sett frå i fjor. Igjen – dette svingar veldig frå år til år, seier Momrak.

Tiandeklassingane på Dalen meiner også yrkesfag er populært.

– Eg trur mange unge siktar meir etter å jobbe med hendene, og ikkje vil gå så lenge på skule. Hadde eg skulla gått studiespesialisering ville eg gått idrett eller noko. Elles blir det nesten som 10. klasse i tre år til, seier Henning.

– Ja, det blir berre skule, meiner Mari.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho trur også at nokon vel yrkesfag fordi dei tenker at det er ein lettare veg fram til studiekompetanse.

Elevane trur også det er litt forskjell på bygd og by.

– Her på bygda er det meir yrkesfag, men eg tippar det er annleis i byane, trur Peter.

Julie skal gå på studiespesialisering på Vest-Telemark vidaregåande, og synest det er fint at ho ikkje treng å flytte.

– Eg har ikkje bestemt for kva eg skal bli endå, så då vil eg ta studiespesialisering, seier ho.

Les også
Fleirtalet skal på vidaregåande i Vest-Telemark