Kviteseid legekontor.

Dei eldste av dei som ikkje er vaksinerte må vente

AstraZeneca vaksinen er berre godkjent for personar som er 64 år eller yngre.

Neste veke er det fleire som får dose 2 av Pfizer-vaksinen i Kviteseid, men ingen får starte på vaksinering den veka med denne vaksinen, slik har det også vore denne veka. Kommunen vil neste veke få 100 dosar med AstraZeneca-vaksinar.

Les også
Stor vaksinelevering på veg

Dei som blir vaksinerte med AstraZeneca kan, i tillegg til å vera 64 år eller yngre, heller ikkje ha nokon tilleggsrisiko/sjukdom. Kviteseid kommune melder på Facebook-sida si at dei eldste som ikkje har blitt vaksinerte nå må vente.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er ikkje ferdige med vaksinering av alle dei eldste innbyggjarane ennå, men på bakgrunn av vaksineleveransen må vi gå ned til yngre personar. Når vi får meir vaksine som kan bli bruka til eldre, så vil vi fortsette vaksineringa av dei eldste, melder kommunen.