Ferjekos: Etter dansevideoinnspeling var det godt med varm kakao og peparkaker på Fjoneferja. Foto: Privat

Dansa for venskap på kabelferja

Elevane ved Kyrkjebygda oppvekstsenter i Nissedal har gjort tradisjon av å lage dansevideo til BlimE-dansen. I år blei videoen spela inn midt ute på Nisser.

– BliMe-dansen er populær, barna ser han på NRK Super og har hekta seg på venskapstemaet. Me har filma ulike utgåver av dansen på forskjellige stader dei siste åra. I fjor kom ideen om å spele inn videoen på Fjoneferja, fortel lærar ved oppvekstsenteret, Bent Arve Bratås.

4 og 5-åringane blei med ut på kabelferja saman med elevane ved oppvekstsenteret då årets BlimE-dans «Dynamitt», laga av Nicolay Ramm, skulle bli spela inn.

– 33 personar med stort og smått var med, så fór eg rundt med selfiestonga og filma dei som dansa, fortel Bratås.

Han fortel at ferjeførarane Yvonne og Leo Kievit tok med gjestene midt ut på Nisser for innspelinga, og serverte varm kakao og peparkaker etter innspelinga.

BlimE er NRK Supers årlege venskapskampanje. Kvart år lagar dei ein ny BlimE-song, med tilhøyrande dans. Når barna øver på å danse saman, så håper NRK Super at det vil skape felles minner og glede, og betre samhaldet i barnehage, på trinnet og skulen generelt.