Dagens jeger er Tommy Martinsen (41) frå Vrådal.

Dagens jeger: – Eg har vore med på jakt sidan eg sa mine fyrste ord

Dagens jeger er Tommy Martinsen (41) frå Vrådal.

1. Kor lenge har du jakta?

– Eg har vore med på jakt sidan før eg sa mitt fyrste ord, så kan nok seie at eg har jakta i snart 40 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Kva jaktar du?

– Eg jaktar stort sett alt som kan etast, men eg tar også til tider ut visse type rovdyr i samband med viltstell.

3. Kva er det beste med jakta?

– Det beste med jakta for min del er naturopplevingane og sosiale stunder med likesinna rundt bålet.

4. Kva er det mest utfordrande?

– Det er til tider utfordrande slik reint jaktmessig når det kjem til dei store hytteprosjekta som strekker seg frå fjord til fjell i desse tider.

5. Fått noko dyr i år?

– Ja! Me har oppnådd resultat med storviltjakta allereie før elgjakta var i gang me!

Artikkelen held fram under annonsen.

6. Kva er ditt beste minne frå jakt?

– Minna er mange, men det er vel fyrste vilt på eigahand som aldri gløymast. Eg var berre ein gutunge då eg fekk fatt i nokre mårfeller fyrste gongen. Engasjementet var stort og det tok lang tid før den skye måren sat i fella, men det er ein dag eg aldri gløymer. Den står framleis utstoppa i stoga heime.