Dagens jeger: – Eg er ikkje spesielt glad i å sitje stille
Dagens jeger er Hans Inge Hagen (39) frå Treungen.
1. Kor lenge har du jakta?
Eg har jakta sidan eg var 5–6 år.
2. Kva jaktar du?
Eg jaktar for det meste storvilt og rovdyr.
Har også éin til to turar til utlandet på jakt kvart år. Då er det villsvin og hjortedyr som plar å stå på planen. Til våren skal eg til Afrika for fyrste gong.
3. Kva er det beste med jakta?
Annonse
Det må vere fridomen og spenninga.
4. Kva er det mest utfordrande?
Eg er ikkje spesielt glad i å sitje stille, så det er ein prøvelse. Og så er det vel det å tenke rett i forhold til dyra.
5. Fått noko dyr i år?
Det har blitt nokre.
6. Kva er ditt beste minne frå jakt?
Det må vere når eg endeleg var så heldig å få felle ei gaupe.