Fem ungdomar står framfor eit buffetbord med mat og snacks.
Jone Tobias Folseraas Holmberg (t.v.), Ludvik Weholt Lilløy, Emmerik Staut-Berg, Ylva Weholt Lilløy, Andre Linn Tveit Nesblom, Jonas Weholt Lilløy og Liam Emami Eriksen i bakeriutsalet på Malenes hotell i Treungen.

Då foreldra kjøpte det gamle hotellet bestemte borna seg for at dei ville opne bakeri

Denne sommaren har det igjen vorer mogleg å kjøpe ferske bakarvarer på Malenes hotell. Bak det sommaropne konseptet står ein ung gjeng.

Publisert

Det er kø utanfor Malenes hotell i Treungen, og lukta av nybakt gjærbakst siv ut på fortauet. På disken ligg nybakte kanelknutar, rykande ferske wienerbrød, sjokoladekjeks og vaflar. Bak disken står to elleve år gamle jenter i gule forklede. Dei tilbyr også kuleis og kald drikke i sommarvarmen.  

Gamalt bakeri

Det er ein ung gjeng som står bak det sommaropne bakeriet i Treungen. Éin av dei er 15 år gamle Jonas Weholt Lilløy.

I november kjøpte foreldra hans det gamle hotellet i Treungen. Dei tre borna i familien hadde høyrt at det tidlegare hadde vore bakeri i kjellaren der, og den gamle omnen stod der framleis.

– Så me tenkte; kvifor ikkje bruke den, seier Jonas.

Tre personar med hanskar arbeidar ved ein stor omn innandørs.
Den gamle bakaromnen frå Treungen bakeri stod igjen i kjellaren i bygget.

Ideen om at borna i familien kunne ha sommarjobb med å selje bakarvarer frå kjellaren hadde dei klekt ut før foreldra bestemte seg for å kjøpe hotellet. 


Dei fekk med seg fleire vener, og då VTB var innom, var sju personar i sving med å selje ferske bakarvarer i kjellarlokalet på det hundre år gamle hotellet.

Tidlege morgonar

Jonas og kameraten Liam har hatt ansvaret for kanelknutane. Deigen set dei om kvelden, så kaldhevar den gjennom natta, før dei bakar ut knutane på morgonen.

Tre ungdomar står inne og held kvar si rist med bollar.
Jonas Weholt Lilløy og Liam Emami Eriksen (begge 15 år) har selt fleire hundre kanelknutar på det sommaropne bakeriet i Tveitsund i sommar.

– Denne dagen har me baka 120 kanelknutar,fortel dei.

Og etter knapt to timar er alle utselde. 

13 år gamle Ludvig Weholt Lilløy har vore tidleg oppe og hatt ansvar for wienerbrøda. Denne dagen er også kameraten Jone Tobias på besøk. Han har hjelpt til med bakinga. Og wienerbrøda dei to har baka er glutenfrie.

To gutar held eit steikebrett med muffins ved eit bord.
Ludvik Weholt Lilløy (13) har fått hjelp av kameraten Jone Tobias Forseaas Holmberg til å bake glutenfri wienerbrød.

Yngstejenta i familien, 11 år gamle Ylva, har fått med seg nabojenta Andrea Linn. Dei har baka sjokoladecookies denne sommaren, og i tillegg har dei stått bak disken i bakeriutsalet. 

To jenter i forklé står bak ein disk og held kvar si iskjeks.
Ylva Weholt Lilløy og Andrea Linn Tveit Nesblom er begge 11 år og er strålande fornøgd med sommarjobben.

Frå naboen på Treungen gjestgiveri har dei fått låne både brusskåp og isdisk. Det gjer at dei også kan tilby kuleis og kald drikke. 

Alt blir utselt

Totalt har bakeriet hatt ope åtte dagar i sommar, og kvar dag har alle bakevarene blitt utselde.

– Når bakeriet har opna klokka 11, har kundane ofte stått utanfor og venta, fortel gjengen. 

Både fastbuande, hyttefolk og andre turistar har nytta seg av tilbodet, og mange har også kome tilbake igjen for å handle. Det tek dei som eit godt teikn.

– Responsen har vore god, konkluderer Jonas.

Dette er siste veka bakeriutsalet har ope denne sommaren. Den unge gjengen er svært fornøgd med sesongen, og ser ikkje bort frå at det kan bli bakeriutsal også neste sommar.

Ei gruppe personar samlast utanfor eit hus i ei bustadgate.
Det vrimlar av folk i Tveitsund, og mange av dei har tatt turen innom bakeriutsalet i kjellarlokalet til Malenes hotell i sommar.
Powered by Labrador CMS