Borte: Det er slike 15-20 slike vestar, merka med Fyresdal Røde Kors, som har forsvunne.

Etterlyste vestane – no har dei kome til rette

Mellom 15 og 20 redningsvestar til utlån var borte då dei skulle takast inn for vinteren frå eit skåp i Sørbygda ved Fyresvatn. Tysdag kveld har dei kome til rette.

– No har me heldigvis fått melding om at nokon har teke inn vestane, og så vart dei liggjande i bilen, fortel Hilde Martini Momrak til VTB tysdag kveld.

Ho er friviljug i prosjektgruppa «Tak vare på kvarandre, vi har ingen fleire å miste» som passar på vestane. Prosjektet vart skipa etter dødsulukka på Fyresvatn sommaren 2018, der sonen til Hilde, 21 år gamle Knut Aslakson Momrak, mista livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Året etter var til saman 134 redningsvestar på plass fordelt på fleire skåp rundt Fyresvatn, til fritt utlån for folk som skal på vatnet, men som ikkje har eigen vest. Vestane vart finansiert gjennom ein innsamlingsaksjon for ulike tryggingstiltak ved vatnet, i regi av Fyresdal Røde Kors etter den tragiske ulukka.

Les også
134 redningsvestar på plass

– Då me skulle ta dei inn etter sommarsesongen for vinterlagring no førre måndag, var eitt av skåpa tomme. Me etterlyste på Facebook, i håp om at nokon kanskje hadde teke dei inn for oss... men ingen respons, fortalde Momrak tidlegare denne veka.