Sommargjesten
Christian vil helst jobbe i sommarvarmen
Namn: Christian Dalen
Alder: 38
Bur: I Rauland, men kjem frå Skien
Gjer: Butikkmedarbeidar på Spar
Kva planar har du for sommaren?
– Jobbe. Eg likar ikkje å ha ferie om sommaren, i alle fall ikkje viss det er for varmt. Den perioden som har vore nå har det berre vore bading og elles gøyme seg her inne på Spar. Eg tek heller ferien når det blir litt kjøligare. Då dreg eg gjerne nedover til Skien og besøker familie og vener der.
Har du eit sommarminne du vil dele?
– Det må vere fyrste gongen eg jobba i bakeriet til besteforeldra mine, for nesten 30 år sidan. Det var kjempegøy.
Kven gjorde sist noko du sette pris på?
– Det var ein kompis i Skien som hadde laga til noko ny grillmat førre gong eg var nedover, og så inviterte han meg for å teste det. Han hadde fått seg smoker og laga til brisket i den. Det var kjempegodt.
Kva brenn du for i lokalmiljøet?
– Eg er stort sett veldig fornøgd med alt her i Rauland. Men det er kanskje litt lite bussar nå i skuleferien. Det merkast når ein ikkje har lappen.
Kvar i Vest-Telemark vil du helst vere ein fin sommardag?
– Inne på jobb på Spar, der det er air condition. Eller nær eit vatn som er kaldast mogleg, men nå er det jo så varmt i vatna over alt at ein nesten ikkje merkar at ein går uti.
Kva vil du vise til nokon som er i Vest-Telemark for fyrste gong?
– Det må bli å ta dei med på tur til Mogen og Kalvhovd. Der er det veldig fint.
Har du eit spesielt ord eller uttrykk frå Vest-Telemark som du vil trekke fram?
– Eg er berre fornøgd med at eg stort sett forstår det meste. Eg har familie i Fyresdal og Drangedal, så det hjelper. Men det hender at Oddmund (Skeie, sjefen) må omsette.
Er det nokon du vil sende ei sommarhelsing til?
– Det må bli til mormor og bestefar. Eg trur dei abonnerer på VTB.