Visedirektør Frederik Kristensen i Cepi utanfor hovudkontoret til organisasjonen i Oslo. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Cepi håpar å ha koronavaksine klar innan utgangen av året

Vaksinekoalisjonen Cepi justerer opp dei mest optimistiske anslaga sine for når ein koronavaksine er klar. Håpet er å vere i gang med produksjon i år.

– Er vi rett heldige, og alt går som det skal, og med støtte frå legemiddelindustrien, som vi no ser at vi får, så har vi eit lite håp om at vi skal vere i gang før slutten av året, seier visedirektør Frederik Kristensen i Cepi til NTB.

– Då er vi i gang med stor produksjon, sjølvsagt ikkje nok til heile verda, men i alle fall til helsearbeidarar eller dei som er mest utsette, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Cepi-leiinga hadde måndag besøk av statsminister Erna Solberg og utviklingsminister Dag Inge Ulstein i lokala sine i Oslo. Med på videolink var òg Cepi-leiar Richard Hatchet frå London.

Cepi er den globale koalisjonen for førebygging av epidemiar og pandemiar, og organisasjonen blir styrt frå eit hovudkontor i Oslo. Regjeringa har løyvd 3 milliardar kroner til vaksineprogrammet for ein covid-19-vaksine over bistandsbudsjettet, og fleire andre land har òg bidrege.

(©NPK)