Brann i vaskemaskin: – Ingen verkar å vera skadd

Brann i og rundt ei vaskemaskin gjorde at naudetatane rykte ut onsdag kveld.

Oppdatert 22.06: Det har brunne i og rundt ei vaskemaskin i andre etasje. Alle i bygningen er ute og ingen verkar skadd, melder politiet.

Brannen var i ein bygning i Nedre Såtehov i Rauland onsdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein halvtime tidlegare melde brannvesenet at dei rykte ut til brann. Politiet melde like etter at det var snakk om brann i ein bygning og at det var mykje røyk på staden.