Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, vil ha tilleggsforhandlingar med staten etter prisstiging på handelsgjødsel. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB / NPK

Bøndene vil ha nye forhandlingar på grunn av auka pris på gjødsel

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil ha tilleggsforhandlingar med staten etter prisauke på kunstgjødsel. Det opnar regjeringa for.

I ei pressemelding torsdag seier leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag prisauken på kunstgjødsel og andre varer gjer at Stortingets vedtak om auka inntektsmoglegheiter i jordbruket tilsvarande andre grupper ikkje blir nådde.

– Den sterke kostnadsveksten får store negative konsekvensar for økonomien til kvar enkelt bonde, og det er viktig å få kompensert dette no. Vi krev derfor tilleggsforhandlingar med staten så raskt som mogleg, seier Gimming.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter jordbruksoppgjeret, som vart vedteke av Stortinget i april, har prisen for fleire innsatsfaktorar på landbruket auka vesentleg. Prisendringa er tydelegast for handelsgjødsel, som har auka med nærare 30 prosent.

Det kan bety ein kostnadsauke på minst ein halv milliard kroner for norsk bønder. Ifølgje Norges Bondelag har føresetnadene for forhandlingane med Stortinget endra seg drastisk etter prisauken.

– Vi vart orienterte om prisauken på handelsgjødsel i slutten av mai, og informerte Stortinget om dei uventa kostnadsaukane då. Vi opplyste òg om at det kunne bli aktuelt å be om tilleggsforhandlingar, forklarer Gimming.

Overfor Nationen antyda statssekretær Widar Skogan (KrF) i Landbruks- og matdepartementet tidlegare denne månaden at regjeringa er villige til å forhandle om kompensasjon til bøndene.

– Heldigvis har vi eit så godt avtaleinstitutt der ein kan be om å opne for nye forhandlingar. Ved kraftig kostnadsvekst er det naturleg å ta det opp. Vi er førebudde på å svare ut det om det dukkar opp, sa statssekretæren.

(©NPK)

Mange bønder er misnøgde med resultatet av jordbruksoppgjeret etter at prisen på handelsgjødsel steig med nærmare 30 prosent. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK