Regjeringa går vidare i jordbruksforhandlingane med Norges Bondelag, som no er beden om å levere krava frå jordbruket. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Bondelaget og Småbrukarlaget vart ikkje samde om felles krav

For første gong sidan 1950 klarte ikkje organisasjonane til bøndene i jordbruksoppgjeret å bli samde om eit felles krav for jordbruksforhandlingane.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag hamnar no på sidelinja når jordbruksforhandlingane med staten blir sette i gang i byrjinga av mai. Regjeringa går i staden vidare i forhandlingane med Norges Bondelag, som no er bede om å levere kravet frå jordbruket.

– Vi har kravd etter behov og ikkje etter det vi trur regjeringa godtek, seier leiar Tor Jacob Solberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag i ei fråsegn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er første gong i jordbruksforhandlinganes historie sidan Hovudavtalen vart inngått i 1950 at dei to partane ikkje klarer å einast om eit felles krav. Ifølgje Solberg er det også første gong at det har vore mekling mellom partane.

– Eg er skuffa og lei meg over at vi ikkje kan stå samla om eit felles krav. Når situasjonen er oppstått, så skal Bondelaget ta ansvar og gjere vårt for ei best mogleg løysing, seier Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag og forhandlingsleiaren i jordbruket.

– Ekstraordinær og alvorleg

Til slutt var avstanden for stor i synet på kor mykje bøndene skal krevje og korleis dette skal bereknast. Dermed valde dei to organisasjonane å avbryte samtalane med kvarandre.

Eit samla krav til staten skal framleis leverast førstkommande onsdag. Staten leverer tilbodet sitt 5. mai, og forhandlingane skal då starte. Forhandlingsfrist er 16. mai.

– Situasjonen er ekstraordinær og alvorleg. Det har vore ein krevjande prosess der vi har følgt opp Hovedavtalens føresegner for å finne grunnlag for felles framferd frå jordbrukets side, seier forhandlingsleiaren i staten Viil Søyland i ei pressemelding.

– Uheldig og krevjande

Det er staten som har ansvaret for at eit forslag til jordbruksoppgjer kan leggjast fram for Stortinget innan dei gjeldande fristane for behandling av saker på Stortinget. Ein ny jordbruksavtale må vere på plass 1. juli.

– Det er uheldig og krevjande at organisasjonane til jordbruket ikkje har vorte samde om eit felles krav i år, men no er det heilt nødvendig at vi kjem vidare med forhandlingar. Regjeringa har peika på Norges Bondelag som er den organisasjonen som har anerkjent føresetnadene for jordbruksoppgjeret, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp).

Ho understrekar at jordbruksforhandlingane er det viktigaste verktøyet for å oppnå jordbrukspolitiske mål i samarbeid med det organiserte jordbruket.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har derfor lagt stor vekt på å finne ein veg vidare som ikkje undergrev forhandlingssystemet og som gir ei viktig forankring i næringa, seier Borch.

– Forlét aldri forhandlingsbordet

Tor Jacob Solberg understrekar at Norsk Bonde- og Småbrukarlag aldri forlét forhandlingsbordet, og at dei ønskte å leggje fram kravet sitt.

– Vi har gått inn i jordbruksforhandlingane med næringas behov som utgangspunkt. Norsk Bonde- og Småbrukarlag ville i år gi den norske bonden høve til å oppnå inntekt på nivå med minstelønn, seier Solberg.

Han er klar på at han meiner at årets oppgjer må vere ekstraordinært om det skal gi nødvendig optimisme i jordbruket. Solberg åtvarar om at stadig fleire bønder ikkje er i stand til å betene løpande kostnader.

– Tolmodet til norske bønder er tynnslite. Kravet vårt har spegla dette, seier Solberg.

Han ber regjeringa ta ansvar og viser til Hurdalsplattforma. Der vart det lova ein opptrappingsplan for inntekt, betre velferdsordningar og tollvern.

– 1,5 år ut i regjeringsperioden har ingen av desse tinga komme på plass, seier Solberg.

Inntektsvekst

Fylkesleiar Ola Lie Berthling i Småbrukarlaget i Nord-Trøndelag har tidlegare sagt til Klassekampen at bøndene må få ein inntektsauke på 200.000 kroner per årsverk. Han meiner mjølkebøndene skal prioriterast, då mjølkebøndene ifølgje Bondelaget det siste året har hatt større utgifter enn inntekter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bøndene ligg an til å få 12.700 kroner meir å rutte med i år, tilsvarande 2,7 prosent, etter å ha hatt ein solid inntektsvekst i fjor. Det viser tal frå Budsjettnemnda for jordbruket, som dannar grunnlaget for forhandlingane i jordbruksoppgjeret.

Til gjengjeld viser fasiten for fjoråret at den samla inntekta til bonden – vederlag for arbeid og eigenkapital inkludert effekten av jordbruksfrådraget – steig med 14,4 prosent, tilsvarande 58.900 kroner.