
Bjørg (47) helsar til kollegaer på POS
Namn: Bjørg Taraldlien Hopland
Alder: 47
Bur: Fyresdal
Gjer: Sjukepleiar, sauebonde og gründer i Telemarklam
Kva er planane dine denne sommaren?
– Me skal vere tre veker på tur i Sverige og Noreg med seglbåten vår.
Har du eit sommarminne du vil dele?
– Eg hugsar alle somrane frå eg var lita som fine. Cecilie Haugen og eg bada i Vassmålarhylen, ein badeplass ved elva på eigedomen, heile sommaren.
Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?
– Gunhild Momrak stiller opp og gjer ting for oss rett som det er, – det set me veldig pris på! Elles er eg veldig glad for at mannen Kim og sønene Sondre og Kristian har måla huset i sommar.

Kva opptek deg i lokalmiljøet?
– Det er viktig å ha ei levande bygd. Eg håpar på spanande næringsverksemd som kan bidra til ny giv.
Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?
– Ein fin sommardag kan brukast på ein av hylene i Hegglandsgrend.
Kva ville du ha vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?
– Det må nok vera Tretoppvegen i Fyresdal.
Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?
– Eg sender ei helsing til alle kollegaer på pleie- og omsorgssenteret i Fyresdal. God Sommar!