Birgit håpar hennar historie kan gje andre håp.

Birgit gjekk frå å vera utbrent til å få livsglede. – Vil inspirere andre

Etter å ha møtt veggen fleire gonger, og vore sjukemeld, måtte Birgit Hommo (48) finne heilt nye vegar for å få livet tilbake. No har ho flytta heim til Rauland og skrive boka ho sjølv skulle ynskje ho hadde då alt var som mørkast.

Publisert

I eit lite rom i eit gamalt hus på garden i Raulandsgrend møter VTB Birgit Hommo. Rommet har ho laga til si eiga stove og arbeidsplass. Ho vaks opp i nabohuset, og der bur ho no saman med mora si. Etter nesten tretti år i Stavanger har ho flytta heim for ei stund. Utan store planar, men med ei kjensle av at dette var heilt rett no.

– Slik blei livet no, seier ho roleg. Eg trengte å koma hit for å lande litt. Eg veit ikkje heilt kvar eg skal vidare, men no skulle eg vera her – og då gjer eg det beste ut av det.

Ho har funne ro i naturen, og seier at ho kjenner kor viktig dei daglege møta med stilla og landskapet er. 

Nyleg har ho gitt ut bok, som skildrar reisa frå utbrent til eit liv som igjen kjennest meiningsfullt.

Mista identiteten

Når Birgit prøver å forklare reisa, veit ho ikkje heilt kvar ho skal starte. I utgangspunktet hadde ho det mange ville sjå på som eit vellykka liv. Ho utdanna seg til lærar, jobba som det i mange år, før ho tok vidareutdanning og blei skuleleiar. Ho gifta seg og fekk to barn. Men bak fasaden byrja kroppen å protestere.

Den fyrste sjukemeldinga kom i 2012. Ho skulda på skilsmissa og jobbstress. Då ho kom tilbake i arbeid gjekk ho rett inn i det same mønsteret igjen. 

– Tilbake i hamsterhjulet, seier ho.

I 2018 kollapsa ho i klasserommet. Det ho trudde skulle bli ei veke sjukemelding, enda med fem år i sjukemelding og arbeidsavklaringspengar.

– Det var eit stort nederlag. Min identitet var duracellkanina som alltid meistra alt.

Dagane gjekk med til å ligge på sofaen. Kroppen fungerte ikkje, hovudet orka ikkje, ho hadde mange smerter i kroppen og hadde mykje migrene. 

Ho fortel at det var ei vanskeleg tid.

– Eg klara ikkje å henge med på livet. Det var ganske mørkt, og ein stillstand i livet som ikkje var god i det heile tatt, seier ho.

Men midt i alt det mørke byrja små impulsar å dukke opp. 

– Ting kom til meg på ein annan måte enn før. 

Birgit prøvde ut ulike meditasjonar, og heiv seg på ei akupunkturutdanning. Gjennom møte med nye menneske og nye tankesett, endra perspektivet seg. Det viktigaste skiftet kom då ho aksepterte situasjonen slik den var.

– Det gir eit handlingsrom. Fyrst når du aksepterer kor du er, kan du bevege deg vidare. Ting kan ha prega deg, men ein kan velje kor mykje det skal prege framtida.

Birgit understrekar at ho møtte forståing i helsevesenet. Ho aksepterte diagnosen, men ikkje prognosane. Ho søkte eigne vegar til betre helse.

– I ettertid ser eg at det var sjela som drog meg mot det. Ting dukka opp tilfeldig, men eg trur ikkje det var tilfeldig.

I dag kjenner ho på livsglede og energi.

– Eg skuldar ikkje lenger på ting rundt meg. Uansett kva eg møter, kan eg velje korleis eg responderer.

I prosessen vart ho open for tanken om at det finst noko større enn oss sjølve. Nokon vil kalle det spiritualitet, andre religion. For henne spelar det ingen rolle kva det blir kalla.

– Men det er noko utanfor meg som er større enn meg.

Alt som dukka opp i livet, vekte ei nysgjerrigheit.

– Det tente stadig ei ny, lita flamme i meg, seier ho.

Takknemlegheit som verktøy

I takt med at energien kom tilbake, kom tanken om å skrive bok. Fyrst sende ho eit manus til forlag, men fekk nei. Så lét ho prosjektet ligge før ho tok det opp igjen og skreiv på ein heilt annan måte. 

– Boka måtte berre ut, seier ho.

Resultatet blei boka Kroppen snakkar og sjelen svarer – en reise hjem til deg selv, som ho gav ut på eige forlag.

– Slik kan eg hjelpe andre med å koma igjennom tøffe ting på ein betre måte enn det eg gjorde. 

– Boka måtte berre ut, seier Birgit.

Ho meiner boka vil treffe folk ho er meint å treffe.

– Det handlar om å bli kjent med deg sjølv på nytt og lytte innover. Om å tørre å gå inn i mørke og skru på lyset.

Ho skulle sjølv ynskje ho hadde denne boka då ho var sjuk.

– Det kunne gitt meg håp om at det er mogeleg å bli frisk, seier ho.

I boka fortel ho om dei mørke periodane i livet, og korleis ho tok i bruk verktøy som meditasjon, natur, isbading og mental trening. Ho ynskjer å opne dører og gje håp til dei som kjenner at livet er håplaust. 

– Verktøya mine treng ikkje vera verktøya dine, men dei kan vera ein start.

For Birgit er takknemlegheit det viktigaste verktøyet. Ho fortel at ho brukar det heile tida, også når noko er ubehageleg. Då spør ho seg sjølv kva ho kan lære av situasjonen og møter det med takknemlegheit. Til og med perioden då ho låg på sofaen og ikkje fungerte, klarer ho i dag å vere takknemleg for.

– For då ser eg verdien av å ha eit liv som fungerer.

Birgit var spent på å flytte tilbake til Rauland, men trivst godt. – Det er fint, og eg kjenner at naturen er veldig viktig for meg.

Må gå i takt med verdiane våre

I ettertid ser Birgit at mykje av utmattelsen kom av at ho arbeidde i eit system som ikkje gav rom for hennar verdiar.

– Eg gjekk i 25 år på tvers av det som er min grunnverdi. Me er nøydde til å gå i takt med verdiane våre, elles vil me til slutt brenne lyset i begge endar.

Ho meiner mange i dag blir utbrente fordi dei ikkje lever i tråd med eigne verdiar.

– Men eg trur mange fråskriv seg ansvaret ved å skulde på ting utanfor oss sjølve. Då sit me i ei offerrolle, og då blir me handlingslamma.

Ho meiner det er viktig å hugse på at ein aldri kan forandre andre, men at ein alltid har makt til å forandre eige liv. 

– Der ligg nøkkelen til veldig mykje. Vala er definitivt ikkje alltid lette, men me har alltid eit val. 

Vil inspirere

No har Birgit starta eige føretak – ein draum ho har hatt heile livet. Ho veit ikkje heilt kva retning det vil ta, men det uroar henne ikkje. Det einaste ho er sikker på, er at ho kjenner eit sterkt kall om å hjelpe menneske til betre helse.

Kva er det viktigaste du har lært i løpet av desse åra?

– Eg har lært at mykje av dei tinga eg trudde var viktige for å skape meg eit godt liv, ikkje gjeld. Det er berre sanningar ute i samfunnet. Eg har hatt ein fasade som har vore perfekt, men eg var ein skugge av meg sjølv. No som eg ikkje har nokon av dei tinga, elskar eg livet mitt, og eg har ei helse eg aldri har hatt før.

Birgit kjenner at ho har fått livet som gåve igjen, og ynskjer å hjelpe andre med å finne tilbake til sitt.

– Eg vil inspirere andre til betre helse, meir livskvalitet og meir glede. Moglegheitene ligg der for alle som er villige til å endre livsstil, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS