Bil har køyrd av vegen – føraren framstår ikkje skadd

Ein bil har køyrd av vegen og «hamna på sida» langs Flatdalsvegen i Håkkedalen, skriv politiet i ei Twitter-melding.

Ulykka skal ha skjedd ved badedammen i Flatdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føraren, ei kvinne i 70-åra, blir køyrd av familien til legevakta for sjekk, men framstår ikkje skadd, opplyser politiet i ei seinare oppdatering.

Naudetatane er på staden. Politiet meldte like før klokka 16 at det var «nokre trafikale problem», men at trafikken dirigerast. Klokka 17.15 skriv politiet at bilen er berga.

Politiet har ikkje beslaglagt førarkortet til sjåføren, men opprettar sak.