Pass på: Det er betydeleg fare for snøskred i Vest-Telemark. (Bildet er frå skred på Tyinfjell 2017)

Betydeleg snøskredfare i Vest-Telemark - hald deg unna skredterreng

Det er svært krevjande skredtilhøve i heile landet. – Unngå skredterreng i vinterferien, oppmodar Noregs vassdrag og energidirektorat (NVE). I Vest-Telemark er det betydeleg fare for skred, og fleire meldingar om naturleg utløyste flakskred er meld inn.

På nettstaden varsom.no, kan ein lese daglege oppdaterte skredvarslingar. Laurdag 20. til måndag 22. februar står det at Vest-Telemark ligg på grad 3, betydeleg fare for skred.

Det har gått mange skred i heile Noreg den siste tida, både naturlege og personutløyste. NVE har så langt registrert 58 personar som er tatt av skred og 6 dødsulykker, melder dei i eit presseskriv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varsom.no melder at snøskred kan lausne overalt der det er snø og 30 grader eller brattare. Det utgjer ingen forskjell om du er i bratte fjell eller rett ved sidan av preparerte løyper i eit alpinanlegg.

– Er det 30 grader eller brattare, og ei viss høgde på henget, så kan eit skred lausne, melder nettstaden.

Krevjande tilhøve: Det er vedvarende svake lag nede i snødekket, fokksnø på toppane og våte skred i lågare område. Hald deg unna skredterreng, melder varslingstenesta varsom.no (Bildet er ein skjermdump frå varsom.no)

– Me håpar alle er bevisst skredfaren i vinterferien. Når det finst vedvarande svake lag i snødekke, gjer det tilhøva mykje meir ustabile. Skred lausnar lettare og skreda blir ofte større, seier snøskredvarslar i NVE, Ingrid Skrede.

Det var den lange kuldeperioden på starten av vinteren som skapte dei vedvarande svake laga. Når vind og snø dannar flak over slike lag kan det vere lett å utløyse flakskred.

Flakskred

Eit flakskred er sett saman av eit samanhengande flak av snø som lausnar på grunn av eit svakt lag som kollapsar. Det fører til at flaket sklir ut og rasar ned fjellsida.

Skredtypa kan ein kjenne att ved ein markant brotkant, flaket glir ut langs eit lausare lag nede i snødekket eller ved bakkenivå, og at skredmassane ligg blokkvis.

Eit flakskred kan nå ein fart opp mot 30 kilometer i timen på 2-3 sekund og opp mot 130 kilometer i timen på 6 sekund. Tørre flakskred har høgare fart enn våte flakskred, men våte skred kan ha lengre utløpslengde.

Dei farlegaste snøskreda er tørre flakskred. Mange ulykker skjer ved at skiløparen/skuterføraren sjølv løyser ut skredet.

Kjelde: varsom.no

Lett å løyse ut skred

I Sør-Noreg er hovudproblemet eit vedvarande svakt lag høgt i snødekket. Det er svært lett å løyse ut og det gjev tydlege fareteikn som skytande sprekkar og drønnelydar.

– I tillegg skal ein vere klar over at det finst eit eldre og djupare svakt lag med kanthorn i heile Sør-Noreg. Det er lite sannsynleg å løyse ut skred i dette laget, men om ein gjer det kan skredet og konsekvensane bli store, påpeikar Skrede.

Hald deg oppdatert

Skrede ventar at mildvêret som nå har kome til Sør-Noreg kan gje fleire naturleg utløyste skred.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Situasjonen endrar seg raskt, og mildvêret kan føre til ustabile tilhøve, melder Skrede.

Nettstaden Varsom.no varslar skredfare to dagar fram i tid, og på Regobs.no kan ein sjå ferske observasjonar frå folk som er ute i fjellet.

– Alle kan sende observasjonar medan dei er på tur, og me er spesielt interesserte i observasjonar av fareteikn, seier Skrede.

I linken under kan du halde deg oppdatert på skredvarsel for Vest-Telemark

Fleire faremeldingar frå Vest-Telemark

På nettstaden regobs.no er det meld om fleire naturlege flakskred, drønn i snøen og betydeleg skredfare både frå Vågslid og Haukelifjell, ved Bjørnevasshytta og i Vrådal.

Her kan du sjå fareteikn som er meldt inn frå Vrådal på nettstaden regobs.no både fredag og laurdag.