Betydeleg fare for snøskred

– Unngå skredterreng.

Snøskredvarselet for Vest-Telemark har no faregrad 3 – betydeleg snøskredfare, melder varsom.no.

«Krevjande forhold, unngå skredterreng. I tillegg til ustabile nysnøflak i leområde finst det vedvarande svake lag i alle himmelretningar.»

Artikkelen held fram under annonsen.

«Vêret legg på ny breisida til, med kraftig vind og mykje nysnø. Det fører til mykje ustabil fokksnø i leheng. Det kan vere svært lett å løyse ut skred i fersk fokksnø når været står på. Skred som løsner kan bli store. Naturleg utløyste skred kan skje.

Kantkorn har truleg størst utrebiing sør i regionen. Laget er lett å påverke og kan gi naturleg utløyste skred når vêret står på fredag.

Fjernutløysning av snøskred er mogleg. Drønn og sprekker i snødekket er tydelege fareteikn som må takast på alvor. Det blir oppmoda om trygge ruteval med god sikkerheitsmargin.»