Berit synest det er viktig å halde liv i småbygdene

Publisert Sist oppdatert

Namn: Berit Kili

Alder: 52 år

Bur: Grungedal

Gjer: Lærar

Kva er planane dine denne sommaren?

Har vore til Roma tidlegare i år, og nokre småturar elles her heime.

Har du eit sommarminne du vil dele?

Det var ei stor oppleving å få sjå Noreg slå Elfenbeinskysten 2–1 på fotballpub i Kristiansand, der taket letta då me skåra og det var roing og hoiing. For ei stemning!

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?

Ei god venninne inviterte meg med på tur til Sørlandet.

Kva opptek deg i lokalmiljøet?

At me klarar å halde liv i småbygdene, for her er det godt å bu!

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?

På Grungevatn med ei god bok og iskald drikke.

Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?

Kanskje Reinparken i Edland, elles er det fint på hytta ved Fiskemovatnet i Grungedalsheiane.

Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?

«Hót» og «hóri» er gode ord, og mange lurar på kva «hót» tyder.

Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

Ynskjer vener og kjende ein framleis fin sommar, og ei ekstra helsing til mor som nyleg fylte år!

Powered by Labrador CMS