Kommuneoverlege: Marius Opsahl

Ber vinbyggjane unngå unødvendige reiser til Porsgrunn og Skien

Kommuneoverlegen i Vinje vil tilrå at uvaksinerte nå ikkje gjennomfører unødvendige reiser eller besøk til eller frå Skien og Porsgrunn kommune.

Bakgrunnen er at smittesituasjonen i dei to kommunane er uoversiktleg og aukande. Risikonivået i dei to kommunane er høvesvis 4 og 3. Heile Vest-Telemark er på risikonivå 1 (det lågaste). I Skien er det nå 388 smitta per 100 000 innbyggjar (siste 14 dagar). Dette er meir enn i Oslo (233).

Onsdag vart det registrert 34 nye koronasmitta personar i Skien. Det er 19 færre enn tysdag, men likevel det tredje høgaste talet gjennom pandemien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein blir bekymra då ein veit det er mange frå Vinje som reiser til Skien og Porsgrunn, skriv kommuneoverlege Marius Opsahl på Facebook.

Vidare minner kommuneoverlegen om at alle framleis bør avgrense sosial kontakt:

– Hald minst 1 meter avstand til andre der det er mogeleg, unntak for dei du bur saman med, kjærasten din eller 1-2 faste kontaktar om du bur aleine. Dette gjeld ikkje for helsetenesta, barnehagar og skular eller andre tenester for sårbare grupper der det kan hindre normal drift av tenesta. Bruk munnbind der ein ikkje kan halde avstand!