Vis omsyn: Det er mykje sau i fjellet, og langs vegane i desse tider.

Ber trafikantane vise omsyn til sauen

Tokke kommune minner bilistar og andre trafikantar om at det er beitesesong og mykje sau i fjellet og langs vegane, og derfor viktig å vise omsyn.

Særleg er det ein del sau langs Rv45 mellom Rotemo og Skafså, melder kommunen på sine heimesider.