Ei fersk undersøking frå Tryg Forsikring viser at 43 prosent planlegg å feriera i utlandet i år. Forsikringsselskapet åtvarar likevel mot å ta forhasta val. Foto: Shutterstock-Tryg Forsikring

Ber reiselystne nordmenn gjera kloke val

Mange nordmenn har fått meir lyst til å feriera i utlandet, viser undersøking. Fleire forsikringsselskap ber likevel folk om å tenkja seg om og gjera kloke val.

I ei fersk spørjeundersøking for Tryg Forsikring svarar 43 prosent at dei planlegg å feriera i utlandet i år.

– Vi merkar at det er ei aukande reiselyst blant nordmenn, noko denne spørjeundersøkinga stadfestar. Mengda som planlegg utanlandsferie har auka med fem prosent sidan vi spurde om det same i september. Det betyr at over ein million nordmenn no planlegg for at dei skal ha utanlandsferie, seier kommunikasjonsrådgjevar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner den gryande reiseoptimismen truleg heng saman med at ein no har fått vaksinar mot covid-19 og at desse vil bli meir og meir tilgjengelege utover vinteren og våren.

Åtvarar mot overdriven optimisme

Brandeggen ber likevel folk unngå å kjøpa ferie til land som no er raude, i håp om at dei skal bli grøne når ferien kjem.

– Alle land i Europa er for tida raude. Tingar du ei reise til eit land medan det er raudt, fråskriv du deg all avbestillingsdekning uansett når du skal reisa, seier han.

– Ekstra viktig å ta kloke val

Også Europeiske Reiseforsikring oppmodar folk til å ta kloke val når dei planlegg ferien.

– Når det er raudt i reisekartet til norske styresmakter, bør ein gjera som i trafikken, stoppa opp og venta på klarsignal. Det er førebels liten grunn til å tru at sommaren i år blir normal, og norske styresmakter har heller ikkje varsla endringar i vurderingane rundt reiseråd, seier kommunikasjonssjef Andreas Bibow Handeland i Europeiske Reiseforsikring, som er ein del av If, i ei pressemelding.

Han oppmodar difor folk til å tenkja seg om og ikkje utan vidare bita på freistande reisetilbod.

– Det kan føra til at du betalar for ei reise du aldri får reist på, seier Handeland.

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det å bita på eit freistande tilbod no, kan føra til at du betalar for ei reise du aldri får reist på, seier Andreas Bibow Handeland, kommunikasjonssjef i Europeiske Reiseforsikring.Foto: Europeiske Reiseforsikring