Råd: – Vask hendene ofte, ha god hoste- og nysehygiene og hald deg heime når du er sjuk, seier kommuneoverlege i Seljord, Kine Jordbakke.

Ber folk om framleis vera flinke til å vaske hendene og halde seg heime når ein er sjuk

Sjølv om det er lite koronasmitte i samfunnet no, førebur helsepersonellet seg på smittetopp ein gong mellom oktober og april.

Det er skissa Folkehelseinstituttet teiknar og som kommuneoverlegane rundt om i landet må førebu innbyggjarane på.

– Det er veldig lite smitte i samfunnet nå. Skal du besøke di sjuke mor, er dette eit godt tidspunkt, for å seie det slik. Men det er spennande å sjå korleis det ser ut til hausten. Me må planleggje for ei ny bølgje, seier kommuneoverlege i Seljord, Kine Jordbakke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lydige og flinke

I Seljord er kvardagen meir normal enn på lenge, men kommuneoverlegen poengterer at det er lite smitte i samfunnet nettopp fordi ein i Seljord, Vest-Telemark og landet elles har vore lydige og flinke. Noreg er eitt av få land i verda som ikkje har hatt ei einaste veke med «overdødligheit» i pandemitida – altså at det dør fleire enn vanleg.

– Og slik vil me at det skal halde fram, seier Jordbakke.

– Ein treng ikkje gå rundt å tenke på smitte heile tida, men ein må framleis vera flinke med dei basale smittevernrutinane som å vaske hendene godt og ofte, hoste og nyse i armkroken og halde seg heime når ein er sjuk. Det er derfor det har gått så bra, minner ho om.

Jordbakke seier «systemet» er slitent nå. På skulane har det vore mange endringar og mange har vore involverte.

– Nå er det viktig med stabilitet, seier ho.

Framleis restriksjonar

Seljord var tidleg ute med å opne sjukeheimane att. Men ein må framleis ringe og avtale besøk på førehand, og besøk skjer stort sett utandørs eller på eigne rom. På helsesenteret er det framleis restriksjonar som at døra er låst og at det ikkje kan vera fleire enn fem på venterommet på same tid. Det er også framleis ein del videokonsultasjonar.

– Det er ikkje så lett å skjønne dette når det er så lite smitte i samfunnet, men det er for at me absolutt ikkje vil ha oppblomstring av smitte at me held på desse tiltaka, forklarar Jordbakke.

– Og me gjer det ikkje for å vera strenge, men for å unngå at dei mest sårbare blir sjuke, minner ho om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye karantenereglar frå 1. juni gjer at ein ikkje automatisk hamnar i karantene i ti dagar dersom ein til dømes har vore i nærkontakt med ein kollega som er smitta av Covid-19. Men då skal ein teste seg, sjølv om ein ikkje har symptom, på dag 3 og dag 7.

Audmjuk

Jordbakke er imponert over barna som ho meiner har vore «ekstremt flinke» til å forhalde seg til ein ny kvardag. Ho trekkjer også fram at helsevesenet har fått eit tettare samarbeid som fylgje av koronapandemien.

Kommuneoverlegen er audmjuk for å ha innbyggjarar i ryggen som støttar vanskelege avgjerder.

– Det er sjølvsagt kritiske røster, og det må det vera. Me klarer ikkje ta omsyn til alle grupper, men me har blitt møtt med forståing og lite bråk, seier ho.

– Ein blir sliten av å heile tida tenke at det kan vera smitte og alltid vera i beredskap. Folk sukkar når dei høyrer om smittetopp mellom oktober og april. Eg håpar det ikkje blir slik, men dersom det skjer, trur eg me skal klare å handtere det – for me er meir førebudd nå, seier ho.

Smittevernutstyr-beredskapen i Seljord er «bra nok», og ein kan også teste dei ein ynskjer, både med og utan symptom, og drive god smittesporing.

– Takk for innsatsen så langt, helsar kommuneoverlegen til innbyggjarane.