Kommuneoverlege: Kine Jordbakke i Seljord ber om at folk som kjem frå område med mykje smitte brukar munnbind.

Ber dei som har vore i område med høg smitte om å bruke munnbind dersom dei skal til legen eller besøke nokon på sjukeheimen

I både Seljord, Vinje og Kviteseid krev dei no at folk som har vore i område med mykje smitte brukar munnbind om dei skal på legekontoret eller besøke nokon på sjukeheimane.

Dei som ringer får spørsmål om kvar dei har vore, og helsepersonell vurderer om ein skal nytte munnbind eller ikkje. Dei besøkande vil få munnbind tildelt når dei kjem. Det er viktig å vera heilt frisk dersom ein skal på besøk, anten det er til sjukeheimen eller privat.

Oslo og Bergen er ferske døme på område som den siste tida har hatt mykje smitte i samfunnet. Munnbind må ein då bruke sjølv om ein ikkje har symptom på sjukdom, informerer kommuneoverlegane Kine Jordbakke og Marius Opsahl i høvesvis Seljord og Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Seljord har dei testa inntil 16 personar på ein dag, men talet varierer frå dag til dag. Kravet er å teste 1,5 prosent av innbyggjarane i veka, men kommunane må vera klare for å handtere testing av 5 prosent av innbyggjarane.

– Det er viktig at ein held seg i karantene til ein får svar på testen, seier kommuneoverlege Kine Jordbakke i Seljord.

Same smittesporingsverktøy

Kommuneoverlegane i Seljord, Kviteseid og Vinje kommune samarbeider tett og har innført felles retningsliner. Kommunane har mellom anna gått saman om å bruke det same smittesporingsverktøyet. Her kan mellom anna dei som har fått påvist smitte sjølve registrere alle nærkontaktane dei har hatt, før legane gjer smittesporinga. Det lettar arbeidet til smittesporingsteama.

Kommuneoverlegane i Tokke og Tinn har også vore med i regelmessige møte med legane i Seljord, Kviteseid og Vinje. Fyresdal og Nissedal har fått invitasjon til samarbeid, men har ikkje blitt med enno.

– Det er viktig med eit godt samarbeid mellom kommunane. Me dreg nytte av synergieffektar som ikkje har vore der tidlegare, seier Opsahl.

Testkriterium for koronavirus

Kohort i Rauland

Det er krevjande å oppretthalde drifta ved tre legekontor i desse tider med tanke på smittevern. I Vinje har dei nå stengt legekontoret i Edland og flytta legen som har vore der mellombels til Rauland. På denne måten har dei ein eigen kohort i Rauland som gjer kontoret i Åmot mindre sårbart.

– Legen som er flytta til Rauland er i Edland kvar torsdag, understrekar Opsahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både Jordbakke og Opsahl registrerer framleis mange turistar i kommunane sine, spesielt i helgene. Og fleire vil det bli. Snart er det haustferie. Men Opsahl seier kommunen er rigga på ein heilt annan måte enn då Vinje blei stengt ned i vår – både når det gjeld testkapasitet og smittevernutstyr.

Ynskjer velkomen: Kommuneoverlege i Vinje, Marius Opsahl, ynskjer hytteinnbyggjarane velkomen til haustferie i Vinje.

– Me er godt førebudde, seier han, og ynskjer hytteinnbyggjarar og turistar velkomne til kommunen.

Kommuneoverlege Opsahl i Vinje har hatt smitte i kommunen og har fått prøve smittesporing. Dette meiner han er ei nyttig erfaring om det igjen skulle kome smitte i lokalsamfunnet.

– Ein ser kva det krev av ressursar og me veit også korleis ein dårleg covid-19-pasient ser ut, seier Opsahl.

Les også
– Me jobbar så fort me kan, takk for tolmodet, og ikkje gje opp med å kome i kontakt

Heime med feber

Dei minner om at barn som berre har lette luftvegssymptom fint kan gå i barnehagen, og at fargen på snørret ikkje har noko å seie.

– Mange ringer oss om ungen er litt snørrete, seier Jordbakke.

– Eg skjønar at dette er vanskeleg. Det er nå barnet har feber, nyoppståtte forkjølelsesymptomer og redusert allmenntilstand det skal vera heime, legg ho til.

Redusert allmenntilstand betyr rett og slett at du vurderer barnet ditt slik at det ikkje er som det plar vera. Kanskje er det meir grinete, et mindre, eller vil sitje på fanget meir enn vanleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

FHI: Om barn har akutt luftvegsinfeksjon