Bent Høie trivst i jobben som statsforvaltar i Rogaland, men er klar på at han kjem til å bli ringt opp av journalistar den 12. mars kvart år i framtida. Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland

Bent Høie hadde ikkje planar om å bli hugsa som ansiktet på pandemien

Bent Høie er no statsforvaltar i Rogaland og ser tilbake på tida som helseminister under koronapandemien som ei tid med mest uro. Men også med rolege stunder på privaten.

For mange nordmenn er Bent Høie vorte ansiktet på koronapandemien etter alle pressekonferansane der han som helseminister fortalde om meteren, hytteforbod og påbod om heimekontor.

Den første pressekonferansen var torsdag 12. mars 2020 då regjeringa ved statsminister Erna Solberg (H) og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) innførte dei mest inngripande restriksjonane i vanlege folk sine liv sidan andre verdskrigen.

To år seinare har han gitt seg på Stortinget og er statsforvaltar i heimfylket. Laurdag 12. mars 2022 var han i namnefest, utan noka form for markering av at det var to år sidan dagen landet stengde ned for første gong.

Fleire journalistar ringde, både på dagen og dagane før, for å høyre hans refleksjonar om dei to åra som har gått. På godt og vondt vil han truleg alltid vere knytt til pandemien.

– Det har blitt ein naturleg konsekvens av at eg var i den posisjonen eg var i under den situasjonen vi opplevde, men eg hadde ingen planar om å bli hugsa for pandemien, seier Høie til Nynorsk pressekontor.

Forskjellane til Sverige har vorte mindre

Høie hugsar tida før 12. mars 2020 som ei tid med mykje uro knytt til viruset som hadde begynt å spreie seg i Europa etter å ha kome frå Kina.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi følgde med på kva landa rundt oss gjorde, og var spente om tiltaka vi skulle gjere kom tidsnok og om dei ville virke. I etterkant meiner eg dei gjorde begge delar.

Valet den norske regjeringa tok var å kjempe mot viruset ved å stengje ned samfunnet for å unngå spreiing av smitte. Sverige gjorde det motsette og valde det Høie kallar «den tradisjonelle vegen» for å handtere eit slikt virus.

– I byrjinga var vi meir opne for at vi var i ein annan situasjonen enn kva som er tradisjonelt, spesielt med utvikling av vaksinar. Det var ein vesentleg faktor for paradigmeskiftet for handteringa

To år seinare ser Høie at forskjellane mellom korleis pandemien har blitt handtert i Noreg og Sverige har blitt mindre.

– Forskjellane i handteringa blei mindre og mindre, men forskjellen i resultat blei store i form av overdødelegheit i Sverige, seier Høie.

– Vi har vore villige til å ofre mykje for kvarandre

Samstundes som det var ei travel tid, fekk Høie ei ro utanfor jobben han ikkje hadde hatt på fleire år. Det trur han fleire kjenner seg igjen i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var travelt på jobb, men sidan alt anna blei avlyst så fekk eg ein eigen ro når eg hadde fri. Det var liksom ingen andre forventningar. Den roa brukte eg blant anna til å halde på i hagen, som var fint. Eg har mange fine minne frå den tida.

– Kva inntrykk sit du igjen med etter pandemiåra?

– Eg synest det er viktig at vi har vist vi er villige til å ofre ganske mykje for kvarandre.

Ferdig på Stortinget – ikkje med pandemien

Høie seier han er heilt ferdig med livet på Stortinget. November 2021 byrja Høie som statsforvaltar i Rogaland kommune.

Moglegheita for å jobbe med noko som engasjerer han og for å påverka fylket utan å drive partipolitikk, var det som freista. Men viruset var han ikkje ferdig med.

– Som statsforvaltar har eg ein sentral rolle i pandemihandteringa i mitt fylke. Når smitten tok seg opp igjen før jul blei mykje av arbeidsdagen min sett av til å handtere det. No ser det derimot ut som at det har gått over til å handle meir om å handtere flyktningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Føler du misnøye eller medynk når du har sett den nye regjeringa sine koronapressekonferansar – der Ingvild Kjerkol har teke din plass som helseminister i pandemien?

– Eg føler verken det eine eller det andre. Eg kjenner meg igjen i situasjonen dei har stått i og veit det er krevjande avvegingar å ta, seier Høie.

(©NPK)

Bent Høie trivst i jobben som statsforvaltar i Rogaland, men er klar på at han kjem til å bli ringt opp av journalistar den 12. mars kvart år i framtida. Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland
Frå pressekonferansen 12. mars 2020 i Oslo der dåverande statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) orienterer om nye tiltak for å kjempe imot koronaviruset. Helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg var òg til stades. Arkivfoto: Lise Åserud / NTB / NPK
Det famøse augeblikket der Høie avverjar handhelsing mellom Solberg og Stoltenberg. Arkivfoto: Lise Åserud / NTB / NPK
Bent Høie forlèt regjeringsbygningen 14. oktober etter at han gjekk av som helse- og omsorgsminister. Arkivfoto: Cornelius Poppe / NTB / NPK