Det skal ikkje mykje til for å gjera eit spøkelse meir synleg. Ein kan for eksempel sy inn refleksar i kostyma.
Det skal ikkje mykje til for å gjera eit spøkelse meir synleg. Ein kan for eksempel sy inn refleksar i kostyma.

Bed spøkelsa om å bruke refleks på Halloween

Dei siste fem åra er det meldt om over 60 påkøyrslar av fotgjengarar i Telemark. Mange av desse ulukkene skjer i mørket.

Torsdag 31. oktober er det Halloween med mange svartkledde barn langs vegane. Ikkje berre skremmer dei naboane, men også mange bilistar får seg ein støkk.

– I mørke kostyme og utan refleks, er det nesten umogleg for ein bilist å få auge på barna, sjølv med gateljos, seier kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll, i ei pressemelding. Han oppfordrar bilistar til å vere ekstra observante denne kvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Risikoen for å bli påkøyrd i mørket reduserast kraftig ved bruk av refleks. Sjølv om barnet ser bilen, ser ikkje alltid bilisten barnet.

– Kle barna med refleks eller sy refleksar inn i kostyma. Med litt kreativitet kan det bli kule effektar som gjer det moro for barna å bruke refleks, seier Voll.

Berre om lag fem prosent av dei som blir skadd bruker refleks. Kvart år døyr i gjennomsnitt mellom 10 og 20 fotgjengarar i trafikken i Noreg. Rundt 80 fotgjengarar blir alvorleg skadd, medan om lag 300 blir lettare skadd.

– Mange har refleksar liggande i skuffar og skåp til inga nytte. Har du ein til overs, gje den saman med godteriet og syt for at barna trygt kan ha det moro på Halloween, avsluttar Voll.

• Halloween kjem ikkje som mange trur, frå USA, men frå England og Irland. Namnet er ein samansetning av «All hallows eve» som er frå det engelske namnet for allehelgenseftan. Dette var opphaveleg ein katolsk minnefest for helgenar og martyrar.

• Irske og engelske immigrantar tok med seg tradisjonen til USA, der det utvikla seg til det me kjenner som dagens Halloween-feiring. I Noreg fekk feiringa fyrst eit gjennombrot på 2000-talet.

(Kjelde: Trygg Trafikk, SSB og timeanddate.no)