Vil ha 50-sone: Foreldre og barn viser kva dei meiner til passerande bilar.

Barn og foreldre aksjonerte for betre trafikktryggleik i Øyfjell

Torsdag aksjonerte om lag 80 barn og vaksne for eit tryggare nærmiljø ved Øyfjell skule. Dei ønsker 50-sone og fartsdumpar på vegen som går gjennom bygda.

FAU (foreldrerådets arbeidsutval) ved Øyfjell skule fortel at dei sidan hausten 2018 har prøvd å få sett ned fartsgrensa frå 60 til 50, og få fartsdumpar på vegen som går gjennom bygda og rett ved skule, barnehage og grendehuset som er fullt av aktivitet på kveldstid.

Ifølge foreldra har også tidlegare FAU, ulike grupper og einskildpersonar prøvd å nå fram med bodskapen, men utan hell. Foreldra fortel at dei har skrive til kommunen, fylket og Vegvesenet, sendt kart og forklara detaljert korleis stoda er, men opplever at ingen verdas ting skjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ingeborg (95) må kvar dag krysse fylkesvegen i Åmotsdal for å gå på tur. No etterlyser ho gangfelt.

Fryktar ei ulykke

Vegen som går gjennom Øyfjell ligg rett ved skulen, der det går nesten 50 elevar frå 1.–7. trinn, har framleis 60-sone, og ingen fartsdumpar. Og sjølv om skilta viser 60, fortel FAU at bilane som passerer i realiteten kan halde både 70 og 80. Dei er svært uroa for trafikktryggleiken for barna i bygda.

– Ved Øyfjell skule er det svært uoversiktleg, med sving rett på sørsida av skulekrysset og kryss både i samband med sjølve skulekrysset og eitt kryss til rett nord for det, seier FAU-leiar Åshild Emma Solbjør.

Mange av barna som går på skulen må krysse vegen kvar dag når dei går til og frå skulen. Det går også om lag 25 barn i barnehagen, medan skiløypene er på andre sida av vegen som fører til at både barn, hytte- og bygdefolk som skal ut i skiløypene må krysse vegen.

– Me gruar oss og fryktar ei ulykke når som helst, seier Solbjør.

Gav tommel opp

På torsdagens aksjon fekk både barn og foreldre fram bodskapen sin til dei som passerte. Barna hadde laga store plakatar med slagord og teikningar, og kampropet runga taktfast: «50 må me ha – då blir det bra!»

– Ikkje få kom temmeleg raskt ut av svingen nedanifrå, men bremsa opp og køyrde fint gjennom folkemengda som stod i vegkantane. Både lastebilar, yrkessjåførar i varebil med og utan tilhengar, traktorar, turistar, postbil og lokale folk var på hjul, fortel Solbjør.

Med eitt unntak bremsa alle trafikantane ned, nokon gav tommel opp og viste at dei heia på demonstrantane.

Vil ha tryggare nærmiljø: - Nok er nok, meiner FAU-leiar Åshild Emma Solbjør.

– Trur dei Øyfjellsungar betre toler å bli treft av ein bil i 60?

FAU i Øyfjell nemner ei rekke andre skular rundt omkring i Vest-Telemark som har både fartsdumpar og lågare fartsgrenser i sine nærmiljø, og undrar kvifor det skal vere annleis i Øyfjell.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis kan det ha seg at Høydalsmo skule har 40-sone og fartsdumpar? Det er like mange barn på Øyfjell skule 1. -7. trinn som på Høydalsmo skule 1. -7. trinn. I Høydalsmo har dei også funne ut at ein europaveg faktisk må ned i 50 kilometer i timen gjennom sentrum. Forbi Brunkeberg skule er det 60-sone, men her er det mykje større avstand til vegen, og dei har uansett gangbru. Kviteseid skule har 50-sone og fartsdumpar, Rauland skule har 40-sone forbi skulen og gjennom sentrum. Åmot skule har 50-sone, god avstand til vegen og dei er fullt utstyrt med gangvegar og undergang under E134, seier foreldra i Øyfjell.

– Trur dei Øyfjellsungar betre toler å bli treft av ein bil i 60, spør dei.

50 ikkje 70: Vaksenopplæring, presentert av Tov Solbjør.
Les også
Vegvesenet er skeptiske til fotgjengarfelt i 60-soner, men kan gjera unntak