I 2025 er det ti år sidan Gudny Lid Unhjem hadde den fyrste jolekrubbeutstillinga i Øyfjell kyrkje.

Babushka-krubbe, snøkule-krubbe, humor-krubbe – og over 70 andre variantar  

– 69,70, 71... Eg trur det er 71 til saman, seier Gudny Lid Unhjem. Ho har nettopp prøvd å telje alle jolekrubbene i Øyfjell kyrkje.  

Gudny er over gjennomsnittet interessert i jolekrubber, og samlinga hennar er sett saman av arvegods og ulike krubbe-kupp ho har gjort i butikkar i inn- og utland, både fysisk og på nettet.

Det er ti år sidan fyrste gong ho stilte ut jolekrubbesamlinga si i Øyfjell kyrkje, og kvart år utanom koronaåret 2020 har dei som besøker kyrkja kring joletider fått oppleve den rikhaldige utstillinga av joleevangeliet i alle slags former og fargar.

– Dette er den einaste som ikkje er mi, seier Gudny, og peikar på den store trekrubba som står framom alterringen. Dei glatte trefigurane er kjøpte, medan stallen er lokal, laga av Gjermund Drivarbekk.

Av dei om lag 75 jolekrubbene som står utstilt i Øyfjell kyrkje er det berre denne som ikkje er Gudny si. Den tilhøyrer kyrkja, og stallen er det Gjermund Drivarbekk som har laga.
Innimellom dei store lysestakane på alteret står ei anonym lita trekrubbe.
Denne jolekrubba er laga av treskjeraren James Chinkondenji frå Malawi, som i ei årrekkje har hatt open verkstad på Telemarkstunet om sommarane.
Jammen er det ei utskoren tre-jolekrubbe midt på preikestolen også.
Kubbekrubbe
Tregubbe-krubbe
Trekrubba har moglegheit for å svive ved hjelp av varmluft frå ljos. – Men den er livsfarleg å tenne på, seier Gudny, og gjev den heller fart med handa.

Gudny har mange trekrubber, ho også. Ein umåla spikke-variant i lyst tre står på preikestolen, og innimellom store, tunge lysestakar i messing og sølv på alteret er tre andletslause trefigurar av Josef, Maria og barnet. Midt framom krusifikset på alteret står ei jolekrubbe i svart tre, skore ut av mangeårig gjestetreskjerar på Telemarkstunet James Chinkondenji frå Malawi. 

Ute i gangen står det endå fleire trevariantar – til dømes ei av firkanta trekubbar, ei anna med runde, fargeglade minimalistiske tregubbar og ei med lysestakar og varmedriven trepropell.

– Men den er livsfarleg å tenne på, åtvarar Gudny, og gjev propellen ein dytt med handa i staden.

Tovekrubba er siste tilskott

Kvart år blir det fleire krubber i samlinga, og årets nykomar er ei fargerik krubbe i tova ull. Porselen, metall og papp er nokre av dei andre krubbematerialane, for ikkje å gløyme plast. Ute i gangen er fleire små plastkrubber med mørke grantre over ein spiss mørk trestall.

– Det er 60-talshylla, kommenterer Gudny.

Desse jolekrubbene med norsk granskog er frå 60-talet, og fleire av dei har Gudny arva.
Gudny begynnar med å opne babushka-Josef, og snart er heile babushka-krubba framme.
Babushka-krubbe
Humorkrubbe
Ei litt meir stutt-tjukk jolekrubbe.
Ei jolekrubbe i klassisk stil.
I denne hylla har ei klassisk jolekrubbe fått selskap av fleire litt meir humoristiske variantar.
På golvet ved preikestolen har denne krubba fått plass.
I denne langstrekte jolekrubba ser alle temmeleg kongelege ut.
Alteret er utstillingsmonter for fire jolekrubber.
Inni ein krok er jolehistoria fortalt med todimensjonale metallskuggar.
Snokule-krubbe
Tolv jolekrubber har fått plass under trappa opp til galleriet.
Spilledås-krubbe
Årets nykomar: Det kjem til nye krubber kvart år, og denne tova varianten er nykomar i 2025.
Pappkrubbe

Det er også ei humorkrubbe med artige andlet, ein babushka-Josef som har alle dei andre hovudpersonane inni seg, ein gjeng ganske stutt-tjukke porselensfigurar, og ei snøkule der snøen kvervlar rundt mor, bonusfar og Jesusbarn. Gudny vippar opp eit lokk, og inni skrinet dukkar jolehistoria fram som små utskorne figurar medan joletonar spreier seg i rommet – ei jolekrubbespeledås. 

Bladfyken oppdagar noko nytt kvar enn ho snur seg, og det same gjer visst Gudny. På golvet ved utgangsdøra er fleire leikekrubber i tre og tøy, pluss to puslespelvariantar, lagt fram for å kunne leikast med av små kyrkjegjengarar.

– Dei gløymde eg visst å telje, ler Gudny. 

Ved inngangsdøra er det fleire leike-krubber for dei minste.
Ei tøyleike-krubbe dukkar også opp frå leikekassa. Dermed er krubbetotalen oppe i 75... eller kanskje 76.
Powered by Labrador CMS