Spanande: Avtroppande dagleg leiar i Telefiber Aasmund Rinde (t.v.) og styreleiar, VTK-sjef Ketil Kvaale er samde om at arvtakaren til fyrstnemnde vil ha mykje spanande å henge fingrane i.

Avtroppande Telefiber-sjef peikar på éin type teknologi som potensielt revolusjonerande

Aasmund Rinde skal gå frå digitalt arbeid i distrikta til å utvikle missil i Kongsberg. Han fortel etterfylgjaren vil ha fleire spanande felt å fokusere på.

– Det har vore ei vanvittig fin reise og ei veldig flott tid, seier Aasmund Rinde om dei to åra som dagleg leiar for Telefiber.

49-åringen har fått arbeid i Kongsberg Gruppen. Han kan ikkje røpe for mange detaljar kring kva han skal arbeide med, men fortel det vil dreie seg om å utvikle nye missil – eit felt Kongsberg Gruppen er langt framme i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal leie eit lite team som skal drive med utvikling, og vera tettare på teknologien, forklarar Rinde, som byrjar i jobben ved nyttår.

Ynsket om å arbeide nærare med teknologien var utslagsgjevande for at han valde å skifte beite.

– Trass i at tida i Telefiber har vore framifrå, føler eg ikkje at arbeidsoppgåvene er nett det eg ynskjer å drive med på sikt, og difor trur eg ikkje eg er rett mann til å ta selskapet framover, seier Rinde.

– Det er ikkje styret samde i, skyt styreleiar Ketil Kvaale inn.

Vest-Telemark kraftlag, som Kvaale er administrerande direktør i, har saman med Rauland Kraftforsyningslag den største eigarposten i selskapet, med 40 prosent kvar. Dei siste 20 prosentane er fordelte likt mellom Skagerak Energi og Vest-Telemark Næringsbygg.

– Me synest det er veldig synd at me mistar Aasmund, men skjønar at han ynskjer noko anna. Me må berre hive oss rundt, men er takksame for at me har Aasmund her i nokre månadar enno, fortel styreleiaren.

Kvaale røper at dei har fått inn søknadar til stillinga, og at kandidatar er invitert til intervju.

Mykje spanande som skjer

Kvaale fortel at kraftlaget la den fyrste fiberkabelen i regionen i 1994. I 2006 vart Telefiber skipa, for å samle breibandsatsingane til VTK og Rauland Kraftforsyningslag under eitt banner. I dag har selskapet 6 500 kundar totalt, og samarbeider med Altibox om levering av breiband og TV i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ei spanande tid for verksemda, fortel Rinde.

Han trekkjer mellom anna fram planane til Altibox for å rulle ut 5G-nettet, noko som vil kunne gje raskare internett hjå kundane.

– Elles er fibersensorikk eit veldig spanande felt å følgje framover. Dette går ut på at ein hentar signal frå heile lengda av fiberen, og kan brukast på alle moglege måtar. Til dømes vil dette kunne bli bruka til å måle materialtrøttleik i demningar, brannsikring av tunnelar og i rassikring, fortel han.

Sensorteknologien sett under eitt verkar å vera eit særs spanande felt, ikkje minst på grunn av kor lite som krevjast for å drifte den.

– Det brukar veldig lite data, og dermed også lite energi, og kan haldast i gang ved hjelp av enkle batteri, fortel Rinde.

– Dette betyr at ein kan installere sensorar i hytter for til dømes frostsikring eller i musefeller, som ikkje ein gong treng innlagt straum for å fungere. Det er eigentleg berre fantasien som set grenser, held han fram.

– For å summere kan ein altså seie at det framleis er flust med spanande moglegheiter, trass i at fiberen er godt bygd ut, supplerer Kvaale.

Rinde seier etterfylgjaren vil sjølv kunne bestemme kva dei vil fokusere mest på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er fleksibelt om ein vil leggje mest vekt på det administrative eller det teknologiske. Det er ei spanande stilling, ein får god støtte frå styret.