Avlyst: Zululan som skulle blitt arrangert i Kviteseid til helga er avlyst.

Avlyser helgas datafest i Kviteseid

Arrangørane av ZuluLan i Kviteseid tek ikkje sjansen på å samle meir enn 100 unge i Kviteseidhallen i helga.

Avgjerda blei tatt tysdag i samråd med kommuneoverlege Anne Ruth Syrtveit Mikalsen og beredskapsleiar Tarjei Gjelstad i Kviteseid kommune, opplyser Elisabeth Lid, som er hovudansvarleg for arrangementet.

– Det ville blitt ei for stor utfordring, me torde rett og slett ikkje, seier Lid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle som har bestilt får tilbake pengane. Me ser an om det er mogleg å arrangerer det etter sommaren, men eg er usikker på om det blir noko i 2020, held ho fram.

På det meste samla ZuluLan 200 datainteresserte i Kviteseidhallen. Dei siste åra har talet liggje i overkant av 100.

– Dei siste to vekene har me lege lågt med marknadsføringa på grunn av situasjonen med koronaviruset. Det var 60 påmelde til årets arrangement, men erfaring viser at mange melder seg på i siste liten, seier Lid.

ZuluLan blei i fjor arrangert for 11. gong.

Les også
Korona-viruset slår ulikt ut for hotellnæringa
Les også
Koronaviruset: Framleis er det lett å vera innbyggjar