– Avgrens reising mest mogleg, særleg utanfor Vest-Telemark

Tokke-ordførar Jarand Felland.

Tokke kommune etablerte i går eit eige telt for prøvetaking utanfor ambulanseinngangen til Helsesenteret.

Tokke-ordførar Jarand Felland skriv på Facebook at kriseleiinga i kommunen skal ha nytt møte i morgon sundag. Han refererer frå dagens møte:

«Alle kultur- og idrettsarrangement er avlyst eller utsett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein oppmodar sterkt alle innbyggarar om å avgrense reising mest mogleg, særleg utanfor Vest-Telemark.

Kommunen har klokka 20:00 i dag ingen som er smitta av Korona. Ein ber alle som kjem til Tokke også frå innad i Norge, om å vise særskilt aktsemd.

Beredskapen for å handtere dei som er i karantene eller må ta prøver er organisert av kommunelegen. Tokke kommune har på fredag etablert eit eige telt for prøvetaking utanfor ambulanseinngangen til Helsesenteret. Tokke kommune har også tinga ei desinfiseringsmaskin, som vil bli levert i byrjinga av april. Dette for å kunne desinfisere rom der personar med coronasmitte har hatt opphald.

Fasilitetar for å handtere eventuelle smittetilfelle er under kontroll og me har vaktberedskap hjå helsepersonellet om det skulle vere nødvendig. Me har kapasitet på helse og omsorg i denne fasen, men vurderar fortløpande behovet for våre innbyggarar.

Vi har også samtaler og møtepunkt med våre nabokommunar og sjukehuset.

Vi har felles legevakt med Vinje kommune og er i dialog med nabokommunar om eventuelt samarbeid dersom situasjonen utviklar seg.

Det er aktuelt for oss å sjå kva nabokommunar gjer av tiltak og det blir vurdert fortløpande kva me skal gjere i Tokke.

Brannvesenet fordelar mannskap i høve kva oppdrag dei er ute på slik at ikkje alle er med på alle oppdrag. Det kan også vere aktuelt å sjå om det er andre oppgåver dei kan vere aktuelle til å hjelpe med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen har avtale med Røde Kors om det blir nødvendig med hjelp til transport og liknande.

Vi oppmodar også om at løypekøyring i hytteområda ikkje held fram, pålegg kan kome etter helga.

Serveringsstader må fylgje sentrale avgjerder, endringar kan kome på kort varsel også her.

Elles er vi glade for at næringsliv og innbyggarar ser ut til å vere med på dugnaden og gjer ein god innsats for å førebyggje spreiing av eventuelle virus.»