Døde og døyande asketre på overvakingsflata i Norderås i Ås kommune. Foto: Volkmar Timmermann / Nibio

Ask snart utrydda i Noreg

Askeskotsjuka har snart utrydda askeskogen i Noreg, fryktar forskarane. Sjukdommen truar arten over heile Europa.

Sidan askeskotsjuka første gong vart påvist i Noreg i 2008, har han spreidd seg gjennom skogane på Sørlandet til Austlandet og Vestlandet, og no har sjukdommen også ramma den nordlegaste askeskogen i verda, som finst i Hindrum naturreservat i Trøndelag.

Dermed er det no få friske asketre igjen i Noreg, går det fram av den årlege skoghelserapporten til forskingsinstituttet Nibio.

Artikkelen held fram under annonsen.

På overvakingsflatene var berre 11 prosent av trea friske i 2020. Nesten halvparten av asketrea – 47 prosent – var døde, medan 22 prosent var sterkt skadde eller døyande.

– Det er skremmande å sjå spreiinga av askeskotsjuka. Trea døyr sakte, men sikkert, seier forskar Volkmar Timmermann i Nibio.

Sjukdommen kom til Noreg gjennom import av mandsjuriaask frå Austen, som bar med seg soppen askeskotbeger. Soppen valdar ingen skade på dei lokale askeartane i Aust-Asia, men gjer stor skade på den europeiske asken. I dag er det berre nokre få europeiske regionar igjen som ikkje er ramma av sjukdommen.

Forskarane ved Nibio prøver no å ta vare på dei få asketrea som ser ut til å ha arveleg motstandskraft mot askeskotsjuka. Ein frøplantasje som gir friske avkom, kan vere redningsplanken.

Frisk ask ved sida av døyande tre på overvakingsflata i Urfjell i Risør kommune. Foto: Volkmar Timmermann / Nibio