I snø på nasjonaldagen: Arkivfoto av Rauland musikkorps 17. mai i 2008, i år lovar meteorologane varmare vêr og sol.

Årets 17. mai blir truleg varmare enn dette – kvar skal du feire?

Er de klare for nasjonaldagen? Me i VTB vil gjerne sjå korleis du feirar årets 17. mai, om det er saman med alle i heimbygda, på jobb, heime eller på tur til ein fjelltopp.

Send oss gjerne bilde frå di feiring til e-post: redaksjon@vtb.no eller på Messenger. Hugs namn på personane på bildet og kvar bildet er tatt.

Me ynskjer dykk alle ein fantastisk nasjonaldag!