Vann pris: Adrian Øksholt vann pris for beste produksjonsdesign. Her tek imot han prisen på filmfestivalen. Til høgre står Håkon Adriano Matre og Jostein Hauge som spelar rollefigurane Vegard og Glenn i filmen. Til venstre: eitt av jurymedlemmene, Marlene Emilie Lyngstad.

Filmskaparen frå Treungen til topps igjen. – Eg har lyst til å bli filmregissør

«Året er 1985. Ein sleip doplangar lurar med seg fetteren sin inn i eit opplegg som endar katastrofalt ...» Slik introduserer Adrian Øksholt (16) frå Treungen filmen «Shot down in May». For andre gong vann den unge filmskaparen beste produksjonsdesign på Amandus filmfestival på Lillehammer.

Juryen skriv i grunngjevinga si at: «Dette er en imponerende sjangerøvelse fra en filmskaper som viser god evne til å tenke bildefortelling og det virker som at man har jobbet etter en sterk visuell ide. Her er en estetikk som er nevrotisk opptatt av detaljer, tonesetting, komposisjon.»

Øksholt har filma og redigert alt med ein iPhone 12, han har skrive manus på skrivemaskin frå 1980-talet, regissert, laga musikk og klipt filmen som høyrer til i sjangeren fiksjon. På Amandus filmfestival på Lillehammer var Øksholt ein av åtte nominerte i kategorien beste produksjonsdesign.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Neste år går eg frå juniorklassa til Ung, då går nivået opp, seier Øksholt tydeleg motivert for å jobbe fram fleire filmar han kan sende inn til filmfestivalen.

Til hausten startar 16-åringen på medier og kommunikasjon på Hjalmar Johansen vgs. i Skien.

– Eg har lyst til å bli filmregissør, jobbe med manus eller jobbe med litt av kvart knytt til filmskaping, seier han som gjerne skulle laga film med skodespelarane Harrison Ford, Jack Nicholson, Harrison Ford og Clint Eastwood.

Amandusfestivalen

Amandusfestivalen er ein nordisk filmfestival, som blir arrangert på Lillehammer kvart år.

Festivalen blei starta i 1987, samlar over 600 ungdommar mellom 13 og 20 år frå heile Noreg som kjem for å delta på kurs, seminar og får sjå filmar laga av og for ungdom.

Hundrevis av filmar blir levert inn, og dei unge filmskaparane kan konkurrere i filmkonkurranse under 20 år med amandus junior for dei mellom 13 og 16 år og amandus ung for dei mellom 16 og 20 år. Det er også manuskonkurranse, amandus blikkfang 20-26 år og studentfilm.

Kjelde: amandusfestivalen.no

Vann i fjor også

Øksholt fortel at han tok utgangspunkt i Frank Sinatra sin kjente song «That’s life» då han starta å jobbe med manus til kortfilmen han for ikkje lenge sidan vann pris for.

– Ideen kom då me køyrde heim frå filmfestivalen i fjor, eg lagar meg gjerne bilde i hovudet på korleis filmen blir før eg startar. Filmtittelen er henta frå songteksten då Sinatra syng «Shot down in May», seier Øksholt.

16-åringen fortel at han bruka mykje tid på manus, og at han fekk med seg dei same skodespelarane Håkon Matre, Jostein Hauge og Nina Øksholt, som også var med i den førre filmen han vann Amandus-pris for, kortfilmen «I Grevens tid».

Øksholt fekk låne ein gamal veteranbil og måtte finne rekvisittar og kva plassar dei ulike opptaka skulle bli tatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg bruka kanskje eit halvt år før filmen var ferdig, men eg redigerte mykje etter kvart opptak som blei gjort, seier filmskaparen som også spelar piano på filmen.

Skodespelarar og filmskapar: Håkon Adriano Matre (t.v.), Adrian Øksholt og Jostein Hauge var på Amandus filmfestival då Øksholt blei kalla fram som vinnar.

Frå fiksjon til krim

Personane ein møter i den prisvinnande kortfilmen på 16 minuttar rotar seg bort i ei kriminell verd.

– Og det går jo ikkje så bra, seier Øksholt som legg til at han blir inspirert av gamle filmar frå 1950-, 60- og 70-talet og nemner til dømes den amerikanske dramafilmen «Easy rider» frå 1969 og «The good, the bad and the ugly» frå 1966 som filmar han likar svært godt.

– Er du i gang med nytt filmprosjekt?

– Ja, eg har starta på eit manus og håpar at me kan filme i sommar. Nå blir det film i krimsjangeren, røper den unge filmskaparen frå Treungen.

Her kan du sjå kortfilmen Adrian vann med: