Ingvild Kjerkol (Ap) har vore helsepolitisk talsperson for Arbeidarpartiet. Ho meiner det må sterkare lut til for å berge fastlegeordninga, enn det Solberg-regjeringa la opp til i sitt siste budsjettforslag.Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Ap varslar løft for fastlegeordninga

Fastlegeordninga må vi berge, lovar Arbeidarpartiets Ingvild Kjerkol og legg til: – Det hastar.

I mange kommunar er det mangel på fastlegar, og det kjem stadig rapportar om legar som gir seg på grunn av høgt arbeidspress. Eit løft på 300 millionar kroner, som Solberg-regjeringa foreslo i sitt aller siste statsbudsjett, er ikkje nok til å redde ordninga, fastslår Kjerkol.

– Fastlegeordninga må vi berge, for alternativet er mykje verre og dyrare. Eg synest ikkje at Solberg-regjeringa gjer eit heiderleg forsøk her, konstaterer Ap-politikaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho var inntil nyleg den helsepolitiske talspersonen til partiet. No er ho favoritt til å bli helseminister i regjeringa til påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre.

Ho meiner fastlegekrisa berre har vorte verre, sjølv om den borgarlege regjeringa har sett i gang ein handlingsplan.

Må skru på budsjettet

No skal Arbeidarpartiet og Senterpartiet gå i gang med å skru på statsbudsjettet for å få det til å likne litt meir på politikken sin, basert på regjeringsplattforma som blir lagd fram i Hurdal onsdag. Tilleggsproposisjonen til budsjettet må gjerast ferdig innan få veker, og det er avgrensa kor mykje som kan flyttast på.

Kjerkol vil ikkje talfeste kor mykje pengar som må til for å sikre fastlegeordninga, men ho meir enn antydar at dette er ein av budsjettpostane som dei vil endre på.

– Vi må få til så mykje som mogleg. Ein del ting på helse hastar, til dømes fastlegeordninga, seier ho.

Mange utan fastlege

Ifølgje Legeforeininga er over 120.000 nordmenn no utan fastlege, som er ein grunnstein i den norske helsetenesta. Berre 16 prosent av kommunane i landet seier at dei ikkje har problem med å rekruttere fastlegar.

Kjerkol meiner det siste borgarlege budsjettet generelt inneheld for lite som kan bidra til å rekruttere folk til helsetenestene.

– Ingen utdanningsstillingar til jordmødrer eller intensivsjukepleiarar, område der situasjonen har vore kritisk veldig lenge, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgare helsebudsjett?

Arbeidarpartiet og Senterpartiet er samde om tiltak for å få fleire heiltidsstillingar, melde FriFagbevegelse i helga. Dei vil mellom anna sikre kommunane og sjukehusa ein økonomi som gir rom for auka grunnbemanning.

– Det høyrest ut som det kan bli eit mykje høgare helsebudsjett når de skal styre?

– Det er sånne ting vi får svar på dei næraste dagane og vekene, seier Kjerkol.

(©NPK)