Torleif Lie med eit av sine prisvinnande fotografi, «Yemaya», som han tok på Bahamas.
Torleif Lie med eit av sine prisvinnande fotografi, «Yemaya», som han tok på Bahamas.

Anerkjend fotokunstnar jaktar augneblink på heile kloden

VRÅLIOSEN: Flygaren Torleif Lie (38) reiser verda rundt og fotograferer. Mellom prosjekta sit han heime i Vråliosen og les til å ta europeisk flysertifikat.

Lie vaks opp i Stavanger, men begge foreldra kjem frå Vest-Telemark og han har vore mykje på besøk i oppveksten. Dei siste fire åra har han budd i USA der han arbeidde som flyinstruktør og flaug private jetfly.

No har han flytta heim til Noreg, og bur i familiehytta i Vråliosen medan han les for å konvertere sitt amerikanske flysertifikat til europeisk standard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men, den store lidenskapen er fotografering, og Lie har vunne mange høgthengande fotoprisar i utlandet.

Det er mykje arbeid å få det perfekte bilete. Det er omfattande undersøkingar på førehand. Planlegging og førebuingar på staden og naturfenomenet som skal fotograferast.

– Eg tek ikkje bilete, eg skaper dei. Målet er å røre publikums hjarte og sjel, og auke medvitet omkring det vakre i naturen, seier Lie.

Biletet er teke under solnedgangen over Horseshoe Bend i Arizona. Elva er ein del av Colorado river.
Biletet er teke under solnedgangen over Horseshoe Bend i Arizona. Elva er ein del av Colorado river.
Biletet er teke inne i grotta i Antelope Canyon i Arizona.
Biletet er teke inne i grotta i Antelope Canyon i Arizona.
Dette biletet har Lie også vunne pris for, og er eit av hans mest populære.
Dette biletet har Lie også vunne pris for, og er eit av hans mest populære.
Han har også fotografert litt medan han har budd i Telemark. Dett er frå Heddal.
Han har også fotografert litt medan han har budd i Telemark. Dett er frå Heddal.
Torleif Lie med eit av sine prisvinnande fotografi, «Yemaya», som han tok på Bahamas.
Torleif Lie med eit av sine prisvinnande fotografi, «Yemaya», som han tok på Bahamas.

– Eg var vel ikkje meir enn sju år då far min for fyrste gongen viste meg sine fotoalbum frå Grønland. Det majestetiske landskapet med den ville og vakre naturen med isbjørnar og isfjell gjorde stort inntrykk og skapte ein fascinasjon for fotografi som medium til å fortelje ein historie, fortel han.

Mykje forarbeid

Natur, landskapsbilete og dyreliv er det som opptek fotografen mest, men også arkitektur.

– Eg er ein perfeksjonist. Eg masseproduserer ikkje bilete. Det er viktig at dei har ein svært høg standard, seier han.

Han fortel om bilete han har hengande i stova på hytta. Det er teke på Bahamas og er av ein flokk med delfinar teke under vatn.

– Her gjorde eg mykje research. Eg måtte finne ut kor i verda forholda var best. Kor det var klårast vatn og forholda var perfekte. Eg leigde ein båt med skipper i 16 dagar og leita etter delfinane. Desse er ville dyr, for eg er veldig imot å fotografere dyr i fangenskap, held han fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg leita etter dei, men dei fann meg. Det var ei stor oppleving, legg han til.

Lie tok godt og vel 5000 bilete i løpet av dei 16 dagane. Arbeidsdagen på eit slikt prosjekt kan komme opp i mellom 12 til 15 timar.

– Når eg reiser ein plass, så er eg ikkje på ferie. Eg er veldig fokusert på det eg skal gjere, seier han.

Kamerafunksjonen til iPhone har han lite til overs for.

– Dei fungerer til sitt bruk, og er ein ikkje oppteken av kvalitet eller tar bilete for bruk på sosiale medium fungerer dei fint. Men det blir aldri høg teknisk kvalitet på bilete frå mobiltelefonar. Når det gjeld kamerasystem er fysisk storleik og kvalitet på objektiv og sensor det viktigaste, seier Lie.

– Kvalitet på lyset er essensielt for landskapsfotografi. Det er ofte best å ta bilete når det er overskya. Då blir det eit mjukt og flatterande lys.

Han jaktar etter dei store augneblikka under soloppgang og solnedgang. Den såkalla «Golden hour». Då blir det ofte dramatiske fargespel i skyene.

Photoshop er notidas mørkerom

Han har investert i mykje dyrt fotoutstyr for å oppnå høgast mogleg biletkvalitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er når ein skal skrive ut bileta at ein merkar den store skilnaden på kvalitet, seier han.

Han har teke enkelte bileta som kan skrivast ut i heile 10 meters breidde.

Som fotokunstnar brukar Lie lang tid på å redigere bileta i Photoshop i etterkant av eit fotooppdrag. Noko som er ein viktig del av prosessen.

– Det råder ei oppfatning av at eit bilete ikkje er autentisk om det er behandla i Photoshop. Det er viktig å forstå at photoshop er like nødvendig å nytte for ein profesjonell fotograf for å kunne printe sine bilete, som mørkerom var før den digitale kamerarevolusjonen. Det er også viktig å forstå at det er ein stor skilnad mellom ein fotokunstnar og til dømes ein pressefotograf som skal ha bilete frå ei krigssone så autentisk som mogleg, seier Lie.

– Bilete eg skaper er raffinert gjennom mine auge. Det er ikkje dokumentasjon av ein stad, men ei tolking, legg han til. Det same kan ein seie om ein kunstmålar som målar eit landskap.

– Dei som målar kunst, jobbar med fleire lag. Lag på lag som let biletet modnast over tid, held han fram.

Det er ein tilsvarande prosess når ein redigerer bilete med såkalla «layers» i photoshop. Fotokunstnaren seier denne prosessen ofte tek opp til seks månader, og nokon gonger opp til eit år. – Presentasjonen av biletet er viktig, og kan vere på fleire ulike material og kvalitet. Til dømes papir, kanvas, akryl eller metall. 

– Printing er ein eigen kunstform i seg sjølv. Eg reiste rundt i heile USA og Europa for å lokalisere dei dyktigaste og mest talentfulle i bransjen. Før eit bilete blir ferdig, gjennomgår det ein lang kvalitetssikringsprosess med fleire testprint for å få det perfekt. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil vekke kjensler

– Bileta eg leverer skal vare i fleire generasjonar, legg han til.

Bileta hans blir prenta med laser på eit akrylmedium i ein lab i Los Angeles. Print blir så montert på akrylglas med bakramme for å skape ein museum presentasjon. Det er ekstremt kostbart å produsere. 

– Men ingenting er like bra som dette, fortel Lie. 

– Lyset reflekterer utover på glas. Men på akryl så reflekterer det inne, slik at det blir eit baklys som gjer at biletet kjem til livet, seier Lie.

Han ynskjer å røre folk med fotokunsten.

– Det mest verdifulle for meg er å vekke kjensler og sjå reaksjonane til publikum. Dei beste bileta er dei som held på kvaliteten uansett kor mange gonger ein ser på det, seier han.

Lie har vunne fotoprisar og fått utmerkingar i USA, Frankrike, Japan og Russland. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er audmjuk over alle utmerkingar og prisar eg har fått dei siste åra, men at folk kjøper bileta og verdset dei slik at det gjev noko til heimen deira er verkeleg stort, legg han til.

Hans kunstnariske idégrunnlag er å lage kunst som er vakker.

– Venleik kombinert med ein bodskap. Nokre kunstnarar lagar fotokunst med hovudfokus på å sjokkere. Eg vil lage kunst som er vakker og som tar publikum med på ei reise til nokre av klodens mest fantastiske underverk, seier han. 

Arbeidsro i Vråliosen 

Mange av dei store fotokunstnarane er sjølvlærde. Lie held fram den verdskjende fotokunstnaren Peter Lik som ei stor inspirasjonskjelde.

– Peter er ein god ven. Han hjelper meg med tilbakemeldingar på arbeidet mitt og gjev rettleiande råd, seier Lie. 

På hytta i Vråliosen finn kunstnaren ro og fred til å arbeide med bileta.

Elles går dagane med til ein tjukk bunke med bøker om meteorologi og flyteknikk som han må studere for å få europeisk flysertifikat. 

Lie seier han ser fram til å skape meir fotokunst og til å kunne kombinere fotografi med ein framtidig jobb som trafikkflygar.