Illustrasjons
Illustrasjons

Anbefaler å ikkje ta med hunden på Dyrsku’n

_ Seljord: Den uavklara hundesjukdommen som er påvist fleire stader i landet gjer at Dyrsku’n, i samråd med Mattilsynet, anbefaler helgas gjester å halde hunden heime.

Veterinærar over heile landet har dei siste vekene fått inn hundar med alvorleg diaré. Grunnen til sjukdomstilfella er ikkje kjent, men Mattilsynet anbefaler hundeeigarar å avgrense nærkontakten mellom hundar, og å halde hundane sine i band.

Veterinærinstituttet opplyser om, etter obduksjon av fleire døde hundar, at alle hadde tydelege teikn på alvorleg tarmsjukdom. Mattilsynet og Veterinærinstituttet vil halde fram med arbeidet med å kartlegge sjukdomsutbruddet, skriv Dyrsku’n på heimesida si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var i førre veke at sjukdomstilfella vart kjent i media, og fleire store hundearrangement har blitt avlyst.

Hundar som viser sjukdomsteikn bør ein ta med til veterinær eller dyreklinikk så raskt som råd, er oppmodinga frå Mattilsynet.