Åmund har bytta ut blyant, viskelêr og linjal med muffe, bend og vasslås
– I dag var me på ei luksushytte som var veldig fin inni, seier Åmund Frantzen (15). Denne veka har han vore røyrleggar.
Her forklarer Åmund kva bend og muffe er, han forklarer også kva han har gjort hittil i veka.
På den fancy hytta har han vore med far sin, Vetle Frantzen, og montert utekran.
– For å kunne sette opp utekrana måtte me bore hol gjennom veggen, forklarar han.
I løpet av veka har han også vore med på å sette opp to toalett, ein varmtvasstank og har kontrollert eit sprinkelanlegg.
– Då sende me melding til brannvesenet.
Elles har Åmund gjort mykje av ein ting til:
– Eg har ete kjeks, flirer han.
– Frykteleg dårleg
Når me spør Vetle om rekrutteringa til røyrleggaryrket får me eit klart svar:
– Den er frykteleg dårleg, seier han.
I Vinje Rør, der han jobbar, har dei berre hatt vaksne lærlingar. Dei har ikkje fått nokon rett frå skulen, sjølv om det er ein utvekslingsmodell på Dalen som gjer at ein kan studere til å bli røyrleggar der.
- Trur du Åmund er eit røyrleggaremne?
- Aldri godt og vite, han må finne ut av det sjølv, svarar Vetle.
- Kva synest du er det beste med å vera røyrleggar?
- Eg synest det beste er å farte rundt og treffe masse folk. Og å hjelpe folk som har eit dilemma som dei treng å løyse.
Elleve røyrleggarfirma
VTB har kartlagt kor mange røyrleggare det er rundt i Vest-Telemark. Me har funne fram til 11 firma, med til saman 22 røyrleggarar.
Håkon Slaatto Christie i Slaatto Rør i Seljord meiner røyrleggaryrket har eit ufortent dårleg yrke
- Mange tenker at å vera røyrleggar er ein skitten jobb, men det er det ikkje, seier han.
- Nokon trur at yrket berre er å fikse doar og slikt, men det er det ikkje. Eg har berre rundt éin dritjobb i året, understrekar han.
Dagen før VTB ringer hadde han faktisk ein jobb med tett toalettavløp, men det var fort gjort å fikse.
– Eg ringde etter ein spylebil, og vips så var det i orden.
Christie er samd med Frantzen i at det er for få som blir røyrleggarar, og han har sjølv jobba for Vinje Rør når dei har vore for få folk på jobb.
I andre bedrifter går det betre med rekrutteringa. Hos VB Kviteseid Rørhandel har dei i løpet av få år tilsett to unge lærlingar i faste stillingar.
- Gammalt er kjipt
– Ikkje alt er like moro, forklarar Åmund. Han gruar seg litt til eit gammalt-bad-oppdrag som han skal vera med på i morgon.
- Kan eg heller jobbe i butikken? spør han far sin.
- Gammalt bad er kjipt, eg har heller lyst til å jobbe med noko nytt.
- Kan du tenke deg å bli røyrleggar?
- Kanskje, svarar Åmund.
- Men ikkje på Dalen.