Toppkandidatane i Vinje: Toppkandidatane i Vinje: F.v. Åshild Bringsvær-Sunde (INP), Nils Johan Svalastog Garnes (SV), Liv Bente Tvenge (H), Jon Rikard Kleven (Sp), John Kleiv (Ap), Irja Helene Godal (Vinje tverrpolitiske bygdeliste) og Bjørn Ronny Jervsjø (Frp)

Alt om valet i Vinje: Kven kan du røyste på? Og kva meiner dei?

Sjå kven som stiller til val og kva dei meiner er dei viktigaste sakene i Vinje i dei interaktive listene under.

Arbeidarpartiet

Framstegspartiet

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgre

Industri- og næringspartiet

Senterpartiet

Sosialistisk Venstreparti

Vinje Tverrpolitiske Bygdeliste

Eldst i feltet

Vinbyggane har den største partifloraen av alle å velje på ved haustens val. Totalt stiller sju parti lister ved kommunevalet. Naturleg nok gjev dette også det høgaste talet på kandidatar, 112 i talet.

Gjennomsnittskandidaten i Vinje er eldre enn i dei fem andre kommunane, 55,5 år gamal. Trass i at ein femtedel av kandidatane er under 40, fjerde høgast i regionen, har dei Vinje den klart største delen av kandidatar over 60 – heile 45,5 prosent. Til samanlikning har Tokke, som har nest størst del, 38 prosent og Seljord, som har minst del, 23,5 prosent. Dersom ein utelukkande ser på kandidatane blir forskjellen noko mindre, Vinje har framleis størst del, med 40,6 prosent, men gapet ned til Tokke, på 37,9 prosent, er smalare.

Vinje har den største ubalansen i kjønn i regionen målt i prosent. 69 av kandidatane på listene er menn, medan 46 er kvinner, tilsvarande 41 prosent. Dersom ein utelukkande ser på kandidatane på topp ti-plasseringane, jamnast det marginalt ut, 29 av 69 kandidatar er kvinner, altså 42 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.