Alt om valet i Tokke: Kven kan du røyste på? Og kva meiner dei?
Sjå kven som stiller til val og kva dei meiner er dei viktigaste sakene i Tokke i dei interaktive listene under.
Arbeidarpartiet
Høgre
Artikkelen held fram under annonsen.
Kristeleg Folkeparti
Miljøpartiet dei grøne
Senterpartiet
Sosialistisk Venstreparti
Nesten kjønnsbalanse
Tokke har nest flest kandidatar som stiller til årets val, 91 personar fordelt på seks parti, også det nest flest.
Gjennomsnittskandidaten i Tokke er saman med motparten i Nissedal nest eldst i Vest-Telemark-feltet, med sine 53,3 år. Elles har Tokke den nest høgaste delen av kandidatar over 60 år, med 38,1 prosent og den lågaste delen av dei under 40 år, med 17,5 prosent. Dersom ein berre ser på kandidatane på topp ti-plasseringar, blir delen over 60 år 39,7 prosent, medan dei under 40 utgjer 15,5 prosent av toppkandidatane.
Tokke er nærast av alle seks kommunane av å vera i kjønnsbalanse blant alle kandidatane, 45 kvinner og 46 menn. Dersom ein berre tek med topp ti-plasserte kandidatar er kvinnene i overvekt, 32 mot 26 menn. Kvinnedelen på 55 prosent er høgast av alle kommunane.
I listene under kan du utforske listene til alle seks partia, og sjå kva kandidatane som har svara på VTBs spørsmål meiner.