Toppkandidatane i Nissedal: F.v.: Geir Christian Enger (KrF), Steinar Robert Jørgensen (Frp), Kristin Parkinson Vågen (Ap), Ian Parry-Jones (Sp) og Olaus Sønderland (H).

Alt om valet i Nissedal: Kven kan du røyste på? Og kva meiner dei?

Sjå kven som stiller til val og kva dei meiner er dei viktigaste sakene i Nissedal i dei interaktive listene under.

Arbeidarpartiet

Framstegspartiet

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgre

Kristeleg Folkeparti

Senterpartiet

Nest eldst

Nissedal sine 74 kandidatar er nest færrast i Vest-Telemark, men framleis nesten dobbelt så mange som Fyresdal sine 38. Med fem ulike lister, har nissedølane tredje størst valfridom ved haustens val, på lik linje med Kviteseid og Seljord.

Nissedal har den nest eldste gjennomsnittskandidaten i regionen, med 53,3 år. Når det kjem til kandidatar under 40, har Nissedal den nest lågaste delen, med 18,9 prosent – ned til 14,6 om ein berre inkluderer kandidatane på topp ti. Totalt er 28,4 prosent av kandidatane over 60 år. Blant toppkandidatane er delen marginalt lågare, 27,1 prosent.

Med 43,2 prosent kvinner blant kandidatane har Nissedal den nest største overvekta av menn på listene. Dersom ein berre tek føre seg toppkandidatane aukar kvinnedelen så vidt, opp til 43,8 prosent.