Toppkandidatane i Kviteseid: F.v.: Magnus Kvalbein (V), Dordi Iren Fosse Didriksen (Sp), Halvor Nyland (H), Solveig Nekstad Grave (Ap) og Tarjei Draugedal (KrF).

Alt om valet i Kviteseid: Kven kan du røyste på? Og kva meiner dei?

Sjå kven som stiller til val og kva dei meiner er dei viktigaste sakene i Kviteseid i dei interaktive listene under.

Arbeidarpartiet

Høgre

Artikkelen held fram under annonsen.

Kristeleg Folkeparti

Senterpartiet

Venstre

Overvekt av kvinner på topp

Dei 79 kandidatane i Kviteseid er fjerde flest i vestfylket, og kommunen har som naboane Nissedal og Seljord fem parti med lister i haustens val.

Kommunen har den tredje yngste snittkandidaten, med 51,8 år. Når det kjem til kandidatar under 40, har Kviteseid den tredje høgaste delen, med 21,5 prosent – opp til 25,5 om ein berre inkluderer kandidatane på topp ti. Totalt er 27,8 prosent av kandidatane over 60 år, nest lågast i regionen. Blant toppkandidatane er delen monaleg lågare, 19,1 prosent er klart lågast av alle seks kommunane – snaue 5 prosentpoeng lågare enn Seljord.

Med 44,3 prosent kvinner blant kandidatane er Kviteseid tredje nærast kjønnsbalanse om ein reknar med alle kandidatane. Men om ein berre kikkar på topp ti-kandidatane er kvinnene i overvekt – 25 mot 22 menn, tilsvarande 53,2 prosent.