Alt om valet i Fyresdal: Kven kan du røyste på? Og kva meiner dei?
Sjå kven som stiller til val og kva dei meiner er dei viktigaste sakene i Fyresdal i dei interaktive listene under.
Arbeidarpartiet
Senterpartiet
Artikkelen held fram under annonsen.
Flest under 30
Fyresdølane har færrast valmoglegheiter ved haustens val – berre to parti stiller liste i kommunen. Dei 38 kandidatane som stiller til val er naturleg nok også færrast i regionen, drygt halvparten av Nissedals 74, som har nest færrast.
Fyresdal har den nest yngste gjennomsnittskandidaten av dei seks kommunane, 47,7 år er marginalt eldre enn Seljords 47,5. Dei to kommunane er også dei einaste to med ein snittalder på under 50. Fyresdal utmerker seg som kommunen med klart høgast del av kandidatar under 30, nær éin av fem av dei som stiller til val. Om ein ser på dei under 40, har Fyresdal nest størst del både totalt og blant toppkandidatane, med høvesvis 31,6 og 30 prosent. Dei har også tredje største del kandidatar over 60 år, med 34,2 prosent. Fyresdal er også einaste kommune som ikkje har nokon over 70 blant topp ti på nokon av listene.
Av dei 38 kandidatane som står på lista til dei to partia er 18, dryge 47 prosent, kvinner. Toppkandidatane i kommunen er i kjønnsbalanse, med ti kvinner og ti menn.