Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) foreslår 300 millionar til å styrke allmennlegetenesta i 2022. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Allmennlegetenesta blir foreslått styrkt med 1,6 milliardar mot 2024

Allmennlegetenesta blir styrkt med 300 millionar til kroner i regjeringsforslaget til statsbudsjett for neste år.

– Fastlegane speler ei nøkkelrolle i helse- og omsorgstenesta. Vi treng fastlegane for å gi innbyggjarane eit godt helsetilbod der dei bur, men ordninga er under press. I statsbudsjettet følgjer vi derfor opp handlingsplanen og set inn fleire tiltak for å auke rekrutteringa og sørgje for at innbyggjarane har ein fastlege å gå til i framtida, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Regjeringa vil fremje forslag om å styrkje allmennlegetenesta med 1,6 milliardar fram mot 2024.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant tiltaka foreslår regjeringa å styrkje basistilskotet med til saman 205 millionar kroner. Målet er auka tryggleik for legar som startar med korte lister, og å leggje til rette for at legane kan redusere arbeidsbelastninga si noko. I tillegg er det avsett 49 millionar kroner til å auke refusjonstakstane frå 1.1.2022.

– Vi må sørgje for å gjere fastlegeyrket til eit meir attraktivt val for unge legar, og at fastlegar ønskjer å bli verande i jobben. Då er det viktig med økonomisk føreseielegheit og mindre arbeidsbelastning, seier Høie.

(©NPK)

Les også
Har nesten 1000 fleire pasientar enn det er innbyggjarar
Les også
– Me er slitne, og ein lurar på kor lenge ein orkar å halde ut
Les også
Krevjande å rekruttere legar: Nå er det fire ledige legestillingar i regionen
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) foreslår 300 millionar til å styrkje allmennlegetenesta i 2022.Arkivfoto: Fredrik Hagen / NTB / NPK