Alle prøvesvara i går var negative

Koronastatusen i Vinje er den same som i går.

Ordførar Jon Rikard Kleven informerer om at alle prøvesvara kommunen fekk i går ettermiddag var negative.

Dermed er statusen 1. januar at 21 personar busett i kommunen er stadfesta smitta. I tillegg er det 2 person som er på to hytter i Vinje kommune som er stadfesta smitta.