Aldri har VTB hatt høgare opplag enn i jubileumsåret

Ferske tal frå mediebedriftene viser at VTB nå har eit godkjent opplag på 5886.

Opplagstala for 2001 – altså for 23 år sidan – viste fyrst at VTB hadde eit godkjent opplag på 5883. Det var rekordhøgt, melde avisa – før dette blei korrigert: Ein feil låg bak tala som reelt då var på 5156 – altså meir enn 700 færre enn opphavleg meldt.

I 2021 var talet 5593 og i 2022 rekordhøge 5731. Nå er talet 5886 – ein framgang på 155. Det er altså det høgaste opplagstalet sidan VTB blei etablert i 1973. Det er tala for andre halvår i 2023 som blei presentert onsdag. Dermed kan ein fastslå at lokalavisa hadde rekordhøgt opplagstal i jubileumsåret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tala har stort sett vore stabile dei siste åra med ein jamn framgang. Me har lojale abonnentar og annonsørar. Opplagstalet er ei stadfesting på at VTB framleis står sterkt og at vesttelane vil ha lokalavisa til å halde seg oppdaterte på det som skjer, seier redaktør Øystein Øygarden.

Han legg til at VTB nå skal utvide redaksjonen med ei fast 100 prosent stilling.

– Me dekkjer ein veldig stor region. Nå ser me ein moglegheit til å styrke journalistikken med ei stilling til, seier Øygarden.

I dag er det totalt vel seks årsverk, inkludert redaktør, i VTB-redaksjonen. Totalt er det 13 tilsette i avisa.

Det blir stadig fleire digitale lesarar, men delen som føretrekkjer papiravisa er framleis høg. Redaktøren er derfor glad for nyheita som kom denne veka om at eit nytt anbod skal sikre at papiravisa kjem i postkassene kvar dag.

– Det er naturleg nok ikkje postbodet som skal bestemme når abonnentane skal lese avisa, men nokon vil framleis lese VTB på papir og då er eg glad regjeringa har inngått kontrakt med Posten Bring AS om kvardagsdistribusjon, seier Øygarden.

Les også
Nye kontraktar sikrar avislevering alle dagar

Kontrakten gjeld i fyrste omgang til 30. juni 2025, men det er opsjon om endå eitt år.

Opplagstal Telemark
Avis20232022Endring
Telemarksavisa2336023700– 340
Varden1646517199– 734
Vest-Telemark blad58865731+ 155
Porsgrunns Dagblad51095441– 332
Kragerø Blad Vestmar51025317– 215
Telen42394300– 61
Bø Blad28222806+ 16
Rjukan Arbeiderblad23942468– 74
Kanalen22642203+ 61
Drangedalsposten17031723– 20