Ny styreleiar: Hallgeir Aarbakk.

Aarbakk er ny styreleiar i skogeigarlaget

På årsmøte i Seljord Skogeigarlag 24. juni er Hallgeir Aarbakk frå Seljord valt til ny styreleiar etter Inger Frydenlund Bugge.

Inger Frydenlund Bugge frå Oslo overtok som leiar av Seljord Skogeigarlag i 2017 då laget var truga av nedlegging. På desse tre åra har tømmerprisane stige sterkt og interessa for avverking har auka. I Seljord blei det i 2019 hogd nærmare 40.000 m3 tømmer som er ny rekord, ikkje berre for kommunen, men heile Vest-Telemark.

Interessa for kurs har også vore stor. Det blei i februar 2019 arrangert kappekurs for 65 deltakarar på Garvikstrondi. Laget har også hatt deltakarar på kurs i skogfond og skatt, og eigarskifte og skatt i regi av andre lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye styreleiaren Hallgeir Aarbakk er nyleg tilsett som leiar for Kraftkompetanse KO.

Nytt styre

Hallgeir Aarbakk - leiar, Johan Angre - nestleiar, Halvard Nordskog – medlem, Morten Olav Dyrud – medlem, Kjell Magne Vrålstad – medlem (ny), Geir Tore Odden – varamedlem og Inger Frydenlund Bugge – varamedlem.

Avvirking 2019

Seljord 38.498 m3

Kviteseid 24.845 m3

Tokke 23.614 m3

Vinje 27.556 m3

Nissedal29.387 m3

Fyresdal34.586 m3