Aanund Orefloti - den gamle skogskaren på Seljordshei
Aanund Orefloti levde heile vaksenlivet sitt i skogane på Seljordshei. I små kår og med enkelt levesett sette han djupe spor etter seg i bygda, og minna etter han lever framleis.
Desse gamle skogfolka har alltid fascinert meg – både som menneske og gjennom liva dei levde. Mange budde og arbeidde i små og enkle kår, med slit og ein usminka kvardag. Utan høg sigarføring på bygda, men som ein iherdig fotsoldat og som ei viktig tann i eit nav som skulle gå rundt i eit bygdesamfunn bidrog dei med sitt. Eg trur Aanund Orefloti var ein slik mann i si tid. Eg skulle så gjerne ha møtt han.
Aanund Halvorsson Orefloti vart fødd 26. oktober 1877 og voks opp på Seljordshei. Han gjekk bort i 1965, 88 år gamal. Framleis blir han hugsa, og bygdefolk fortel historier om han.
Foreldra hans var Halvor Andresson Lindekleiv (1833–1904) og Signe Olavsdotter Førnes (1835–1914). Aanund var yngst av opphavleg seks sysken – tre gutar og tre jenter. Frå 1860-åra budde familien på plassen Orefloti under Garvik, der Aanund vart fødd. Han vart buande på Seljordshei heile livet. Han skal ha budd på Kosi i eldhuset på Nistogo Dale – før han i 1945 kom til plassen Bergevad i Trollebotn. Der blei han til 1960.
Stille og fridom rundt seg
Det var skogane som blei Aanund sin bu- og arbeidsplass. Her flaug han og trødde sine vegar i arbeid og fritid. Aanund budde aleine og var ungkar i alle år, men eg trur ikkje han var einsam i sitt eremittilvære. Eg trur han ville ha det slik med skogane, stille og fridom rundt seg. Likevel var han sosial og lika å prate med folk og skøye med dei.
Hans nære selskap gjennom mange år var elghunden Peilot. Truleg hadde han to elghundar etter kvarandre gjennom åra – båe med namnet Peilot. Aanund var nok glad i dyri. Fram til 1960 heldt dei i lag og blei gamle saman. Det er ikkje kjent at han dreiv storviltjakt, men han jakta småvilt og fiska i Dalsvatnet. Her hadde han ein trepram. Han kunne ofte bli sett roande ute på vatnet. Då fiska han eller så skulle han besøke syskena Halvor, Margit og Gunda som budde på Napastå og som var gode vener.
Blei heidra
Aanund arbeidde i mange år for skog- og brukseigar Niels Fredrik Aall. I 1961 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv for lang og trufast teneste, under ei tilstelling i Kilen. Han fekk òg fleire medaljar og diplom som konkurranseskyttar og deltakar på skyttarstemne. Av og til bar han desse på jakka.
Han gjekk mest allstøtt i mørke vadmålsklede då han kom over heia og ned til Garvik og han bruka pipe seier Kristoffer og Torkjell Hoff.
– I ryggsekken hadde han støtt ein liten kaffikjele då han vandra rundt - akkurat nok til to små koppar å ha attått ein tyrield i skogane, fortel Kjell Steinar Brennemo.
Aaund var ein kar som me i dag nok vil karakterisere for ein god, gamaldags bygdeoriginal. Mange er historiene etter han. Han kunne vere noko «vrang på kjeften» og «fekk sagt det» på ein god måte.
– Men Aanund var snill og hjelpsam og bidrog der det var behov, òg rundt om på gardane, seier Jørgen Dale.
– Det fanst ikkje noko vondt i han, seier Jørgen.
Saman med Kjetil Østtveiten sette Aanund opp eit nytt sel oppi villmarki i Mannslagarroe i Brokefjell i 1943 for Dordi og Imma Dale slik at dei kunne staule der gjennom sommaren. Og som skogsarbeidar var han nok ein sprek og spenstig kar i sine yngre år - høg, rank og senesterk.
Jørgen Dale fortel at det hende dei bad han til mat og jolemiddag på Nistogo Dale i Trollebotn. Dette sette Aanund pris på og han var så takksam på jolekvelden.
– Han var så ein koseleg kar, hugsar Jørgen.
Sjølv var Jørgen som gutunge ofte bort til Aanund då han budde på Bergevad. Jørgen hugsar hytta hadde to rom og låg så fint og ope til den gongen. I dag ligg Bergevad gøymt i tettskogen nokre hundre meter vest for Vestgarden og Dalegardane. Det er stilt i tunet nå og berre minne etter Aanund att. Men Storåi ved sida suslar som før på si ferd mot Dalsvatn.
Historier etter Aanund
Historiene er som sagt mange etter Aanund. Det var eit vegarbeid i Trollebotn ved Torsoddodden. Det skulle bli sprengd, og Aanund var med i arbeidslaget. Det hadde blive ropa «Varsko her! Varsko her!», men Aanund reagerte ikkje. Han tok det med ro medan dei andre søkte dekning. Det drog seg til, og skjotebasen ropa «Fyr her!». Aanund var framleis roleg som skjera i tunet og var «treg» med å kome seg vekk. Han snudde seg mot basen og ropa : «Di fer vente!»...
Aanund stod eingong på brui ved Garvik og kikka ned i Sannesåi. Lenge, lenge hadde han visstnok stått slik. Folk kom forbi og lura på kva han glodde så fælt på. «Eg skal sjå når enden på bekkjen kjem», svara Aanund.
Bui hos Mattis Haugerud på Garvik blei ofte ein møteplass for folk i bygdi. Prisane på matvarer kunne nok gå opp den gongen også, for ein gong nemnde kundane der at kaffien var blive så dyr. Aanund var ikkje heilt einig i det: «Hadde den vore dyr hadde den hatt bein».
Ein seinhaustdag fekk Aanund spørsmål om isen hadde lagt seg på Dalsvatnet ennå. «Det veit eg ikkje, men hadde den stått hadde eg sett det», svara Aanund.
Ein gong fekk Aanund besøk av lensmannsbetjenten. Det var nok kjent at Aanund eigde noko våpen i hytta si. Men han hadde nok ikkje så lyst til å ta fram desse den dagen. Då sa lensmannsbetjenten at han syns han såg noko som ligna på ein jase som sat borte i skogkanten, i håp om at Aanund skulle trive til børsa. Men Aanund beit ikkje på. «Den sat akkurat der i går au den», svara Aanund.
Aanund var som sagt ein snill kar og bruka å ta med posten til Dordi og Imma på Uppistog Dale. Ein gong han blei beden inn blei det ein liten skjenk. Aanund blei sitjande å sjå lenge på eit måleri på veggen av ei kvinne. Etter kvart – og også då blikket kanskje hadde blive noko meir slørete, sa Aanund: «Ho har nok vore fin i ungdomen sin ho der!»
«Reist av venner»
Ein dag i 1960 måtte Ånund bryte opp frå Trollebotn og plassen sin Bergevad ved Storåi. Åri drog på - han var blive 83 år og alt var nok ikkje like lett lenger der ute i skogane. Han hadde fått plass på aldersheimen Heddelid i Seljord og kom dit med det vesle han trong i ei veske. Meininga var at han skulle vere der til våren – og kome heim att ei vekes tid – før han drog opp att til Heddeli med veska si. Det spartanske innbuet han hadde på Bergevad hadde han kvitta seg med. Han skjønna at hans tid snart var over og hadde ikkje bruk for det lenger.
Johan Aas fekk langrennsskia hans, og børsene og riflene gav han også bort. Det var nok ei tung stund og ein sår skilnad for Aanund då han og elghunden Peilot tok farvel med kvarandre. Peilot var òg blive gamal nå og heller ikkje i form lenger. Nokre år på Heddeli gjekk – han var der i om lag fem år – men den 29. mars 1965 – i sitt 88. år sovna Aanund Orefloti inn på aldersheimen. Livsvegen som Aanund hadde trødt ute i heiane og i naturen der var komen til ende. Bygdi blei nok meire fattig utan Aanund. Han fekk sin kvilestad med sin gravstein på Seljord kyrkjegard laurdag den 3. april 1965. På gravsteinen står det «Reist av venner».
Takk til Kristoffer og Torkjell Hoff, Kjell Steinar Brennemo og Jørgen Dale for at dette skriv kunne bli til.