Miljøfyrtårn: Frå venstre: Geir Jensen, Mette Mo, Ole Johnny Lid, Sondre Aasan (ordførar), Anita Lohne, Anna Belskaya og Ingeborg Nenseter. Framme: Live Sørtvedt og Hans Audun Aarnes.

– Å vere eit miljøfyrtårn er ein dagleg jobb som må implementerast i alle rutinar og gjeremål på kulturhuset

Tysdag fekk Granvin kulturhus det synlege beviset på at dei er sertifisert som miljøfyrtårn.

Då kom fungerande ordførar Sondre Aasan med plaketten. Dagleg leiar Geir Jensen understrekar at arbeidet med å bli miljøfyrtårn ikkje er ein eingongsjobb.

– Å vere eit miljøfyrtårn er ein dagleg jobb som må implementerast i alle rutinar og gjeremål på kulturhuset, seier Jensen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har vore ein lang veg og stor oppgåve for dei to som har hatt hovudansvaret for sertifiseringsarbeidet. Det vart starta av Ole Johnny Lid i januar 2020 og avslutta av Anita Lohne med sertifisering 21. oktober 2022. Jensen er stolt av arbeidet dei to medarbeidarane har gjort.

Som miljøfyrtårn må Granvin kulturhus no levere ein årleg miljørapport rundt arbeidsmiljø, miljøvenlege innkjøp, avfallshandtering, energisparing og transportplanlegging. Dei tilsette skal ha miljøfokus i den daglege drifta og dette skal implementerast på personalmøte og i dagleg drift.

– Det er mange ting som ein må tenkje på framover som for eksempel at Granvin kulturhus no berre kan handle varer frå godkjente leverandørar. Dei må vere miljøfyrtårn eller ha liknande sertifisering. På reinhald kan det berre nyttast miljøvenlege reinhaldsmidlar. På uteområdet til Granvin skal det ikkje bli planta vekstar frå nei-lista, seier Jensen.

– Lista på nye utfordringar og gjeremål er lang, men det publikum i hovudsak møter er søppelsortering og eit kulturhus som tek vare på miljøet både for menneske og dyr, legg han til.